Då dei fann ut kor mange elevar som var stressa, bestemte denne ungdomsskulen seg for å droppa tentamen

Elevane jublar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne ungdomsskulen droppar tentamen for å dempa stress blant elevane

På Osterøy ungdomsskule i Hordaland har skuleleiinga valt å droppa tentamen fordi elevane blir stressa av skulearbeidet. Elevane jublar over tiltaket.

Dermed er det berre eksamen elevane er nøydde til å ta, ein prøve skulane også er pålagt å ha, skriv lokalavis Bygdanytt.

– Vi treng ikkje prøvar for å finna ut kor elevane står fagleg. Ein prøve gjev berre svar på kor eleven står akkurat der og då, og kva dei veit om spørsmåla dei får. No får både vi og elevane i staden ro på oss til å gjennomføra undervisniga på ein best mogleg måte for at elevane skal stå best mogleg rusta til å koma inn den staden dei ønskjer, seier lærarane Solveig Hole og Tore Langeland til avisa.

Det var ei undersøking på dei to ungdomsskulane på Osterøy–Osterøy i Lonevåg og Danielsen på Valestrand–som viste at mange av elevane føler seg stressa av skulearbeidet. Halvparten av jentene og fire av ti av gutane svarte at dei stressar med skulearbeidet, og at det gjer dei utslitne.

Elevar som er intervjua, seier kanskje ikkje overraskande at dei jublar over at tentamensordninga er kutta ut, og at det dermed har blitt færre prøvar.

– Dette har sjølvsagt redusert stressnivået blant elevane, seier dei.