Raudt og SV vil ikkje ha pengar frå «sexy kalender»

Ei gruppe kunstnarar har gått saman for å lage ein lettkledd kalender til inntekt for Raudt og SV. Raudt kallar kalenderen sexistisk og seier nei til pengane.

NPK-NTB
Publisert

På få dagar har kalenderen «Sexy sosialister» selt for 30.000 kroner, skriv Klassekampen.

Både Fagbladet og Vårt Land har skrive om kunstnarane som har gått saman for å lage kalenderen til inntekt for Raudt og Sosialistisk Venstrepartis (SV) valkamp.

Raudt vil ikkje ha pengane. På landsmøtet i helga vedtok partiet at Raudt ikkje skal «ta imot økonomisk støtte som resultat av salg av sexistisk kalender».

Måndag kveld vedtok også SV at dei ikkje ville ta imot støtte frå kalenderen, skriv Fagbladet.

Sara Skogøy, som er ein av initiativtakarane til kalenderen, reagerer på at kalenderen blir omtalt som sexistisk i vedtaket.

– Det er merkeleg å ta det standpunktet når dei ikkje har sett heile kalenderen. Det kjennest også spesielt at vi er ein av få aktørar som ikkje får gi pengar til Raudt, seier ho.


Det er ikkje første gong politikarar tek stilling til ein slik kalender: Les om Senterungdommen sin sexy kalender frå 2012