Simen Velle meiner demonstrasjonar er tull: – Bryr oss ikkje
Stortingsrepresentant Simen Velle (Frp) seier Stortinget ikkje bryr seg om folk som demonstrerer i politiske saker, men meiner folk heller sjølv må stille til val.
– Demonstrasjonar er tull. Misforstå meg rett: Det er mange fine ting å demonstrere for. Det berre fungerer ikkje.
Det seier Velle i podkasten «Vass & Knepp Show», ifølgje TV 2, som omtalte saka først. Utsegnene var tema i NRKs Politisk kvarter fredag morgon.
– Eg kan love deg at jo sintare folk er utanfor Stortinget … Vi bryr oss ikkje, seier han i podkasten.
Han meiner folk heller burde stille til val og bidra i lovarbeidet, ikkje demonstrere og drive med sivil ulydnad. Han viste mellom anna til demonstrasjonane som har vore i Paris den siste tida, og seier at dei berre øydelegg byen.
Velle møter sterk motstand frå Frøya Skjold Sjursæther i MDG i NRKs studio. Ho kallar det ei arrogant tilnærming og seier demonstrasjonar er ein måte å påverke politikken på utanom vala.
– Mange av rettane vi tek som sjølvsagde i dag, har blitt kjempa fram, seier Sjursæther.
Ho viser også til dei store demonstrasjonane i Serbia som har ført til at fleire statsministrar og sist presidenten har vore nøydde til å gå av.






