Fem ungdomsorganisasjonar går saman om støtte til Framtida.no

– Det trengst aktørar som Framtida.no som kan løfta fram barn og unge si stemme.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For oss er det sjølvsagt veldig viktig at Framtida.no er på nynorsk, men vel så viktig er det at Framtida.no viser fram unge stemmer og ungt engasjement, og er eit viktig talerøyr for ungdomsorganisasjonar, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom.

Før helga tok Målungdommen initiativ til å samla nokre av dei største og mest synlege ungdomsorganisasjonane i Noreg til eit felles utspel til støtte for Framtida.no.

Bakgrunnen er at Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), som står bak Framtida, Framtida junior og fleire andre nynorsktiltak for barn og unge, er føreslått kutta i statsbudsjettet. Eit slikt kutt vil vera alvorleg for desse tilboda.

I tillegg til Norsk Målungdom stiller også Natur og Ungdom, Elevorganisasjonen, Changemaker og Press opp for å sikra støtte til vidare drift av Framtida.no.

– Eg er veldig glad over støtta me får frå så store og viktige ungdomsorganisasjonar. Det betyr veldig mykje! seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

– Håper stortinget har vit

– Eg synest ikkje berre Framtida.no er viktig fordi eg skriv nynorsk, men òg fordi dei har mykje bra stoff om miljø, og skriv gjennomtenkte saker om utfordringar som me i Natur og Ungdom og andre unge er opptekne av. Eg håpar stortingsfleirtalet har meir vit enn regjeringa og bevarer støtta til Framtida.no, seier Gaute Eiterjord, nestleiar i Natur og Ungdom.

– Me i Changemaker er veldig glade i Framtida.no fordi dei gir oss ei moglegheit: Dei kjem på kampanjar og aksjonar og skriv om saker me er opptekne av, og gir våre medlemer eit positivt møte med media. Det er viktig for dei både å kunna lesa om saker dei sjølve er interesserte i, men også å kunna lesa om det større spekteret av ungdomsorganisasjonar i Noreg, seier Tuva Krogh Widskjold, leiar i Changemaker.

– Treng kanalar for barn og unge

– Elevorganisasjonanen har lyst til å bevara Framtida.no fordi ungdom allereie er veldig marginaliserte, både i politikk og i mediebildet. Når vaksenpolitikarar for lov til å setja premissa for korleis politikken blir utforma, er det veldig viktig at ungdom har eit høve til å påverka, til dømes gjennom pressa. Det er viktig for å ha eit sunt og levande demokrati, seier Rahman Akhtar Chaudhry, leiar i Elevorganisasjonen.

– Press jobbar med barns rettigheiter, og då er Framtida.no kjempeviktig, fordi barn og unge er underrepresenterte og treng eigne kanalar for å trenga gjennom. Barn har ein rett både til informasjon og til å seia si meining, og då trengst aktørar som Framtida.no som kan løfta fram barn og unge si stemme, seier Øystein Kvalø, leiar i Press.

Dette femkløveret meiner Framtida.no er eit viktig tilbod for å løfta fram ungt engasjement. Foto: Runar B. Mæland

Dette femkløveret meiner Framtida.no er eit viktig tilbod for å løfta fram ungt engasjement. Foto: Runar B. Mæland

Kvalø trekk særleg fram nysatsinga Framtida junior, eit nyhendetilbod for barn mellom 7 og 13 år.

LES OGSÅ: Fryktar at skulehelse-pengar forsvinn til asfalt og eldre

Demokratiprosjekt

Redaktør Svein Olav B. Langåker håpar støtta frå ungdomsorganisasjonane vil bidra til at fleirtalet på Stortinget vel å sikra vidare støtte til LNK, slik at nettavisa slepp å kutta i tilbodet.

– Heilt sidan starten har Framtida.no hatt som mål å styrka nynorsken og å visa fram og styrka engasjementet til unge. Framtida.no er eit demokratiprosjekt som med små midlar har klart å skapa meir nynorsk journalistikk som når ut til mange, seier Langåker.

Sjå video:

Fakta

  • Framtida.no er ei gratis nettavis som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og syna fram engasjementet til unge.
  • Bak Framtida.no står ABC Startsiden og Landssamanslutninga av nynorskommunar (LNK).
  • Så langt i 2017 har over ein halv million brukarar besøkt Framtida.no.