Stiller krav til Noreg på klimatoppmøtet: – Utan ein plan for utfasing er det flautt og dobbeltmoralsk
Vil verda forplikte seg til å gå vekk frå fossile brensel? Og vil verdas rikaste betale for kostnadene ved klimaendringane? No startar årets klimaforhandlingar.
Thea Birgitte Erfjord, leiar i Spire, og Synne Eide Frøiland, andre nestleiar i Changemaker, er med i N0regs delegasjon til klimatoppmøtet i Antalya i Tyrkia, som startar i dag.
Det er første gong verdas leiarar samlast etter at FN i haust sleppte ein rapport som slår fast at verda ikkje vil nå 1,5-gradersmålet. Det set tonen for årets møte, meiner Erfjord.
– Eg har store forventingar til at Noreg går framfor og gjer meir, både internasjonalt og nasjonalt, seier ho.
Frøiland understrekar behovet for at verdas leiarar tar kraftige grep før det er for seint.
– Det er mykje dyrare å fikse feila våre seinare, enn å redde verda her og no, slår ho fast.
Desse sakene vert viktige under klimatoppmøtet:
Dette er sakene Thea Birgitte Erfjord og Synne Eide Frøiland trekker fram. Les meir om dei ulike punkta vidare i artikkelen.
- Gjennomgang av måla i Parisavtalen
- Finansiering av klimatiltak og reparasjonar etter øydelegginar
- Landas planar for å gå vekk frå fossile brensel
- Elektrifisering
– Lite ambisiøst mål
Noko av bakteppet for årets konferanse er den dødelege flaumen i Nepal, som tok livet av over 1300 menneske. Forskarar har peikt på korleis klimaendringane skapar slike naturkatastrofar.
Flaumen skal ha gjort skade for 4,7 milliardar dollar. Nepal har fått 20 millionar dollar i klimakompensasjon. Nepals utanriksminister meiner verdas mest forureinande land må ta både moralsk og økonomisk ansvar for klimakatastrofar.
Noreg har i haust lansert eit nytt mål for klimafinansiering på 30 milliardar kroner årleg innan 2035. Det gamle målet var på 14 milliardar årleg innan 2026.
Vel å merke var det norske bidraget i fjor allereie på 30,2 milliardar, inkludert private bidrag. Norske miljøorganisasjonar meiner difor Noreg bør auke ambisjonane sine fram mot 2035.
– Vi meiner Noreg har kapasitet og høve. Noreg seier at vi er ambisiøse, men har planar om å nærast gå ned i kor mykje vi set av til klimafinansiering, seier Frøiland i Changemaker.
Ho viser til ein rapport frå ei rekke bistandsorganisasjonar som slår fast at Noregs rettferdige andel er 100 milliardar kroner i året.
– Vi meiner det er meir enn mogleg. Vi må nå klimamåla vi har sett oss, og då er det veldig rart å ha så låge ambisjonar når vi ser at vi har rom for å auke finansieringa betydeleg, både med offentlege pengar og privat kapital, seier ho.
Ho understrekar også at klimafinansiering ikkje må givast som lån. Det vil skape ein vond sirkel, meiner ho.
Forsking under angrep
Astrid Hoem (Ap), statssekretær i Klima- og miljødepartementet, seier til Framtida at Noreg som eit rikt land har eit ansvar for å nå eigne klimamål, bidra til bevaring av regnskog, og å bidra med klimafinansiering.
– De har blitt utfordra på det nye klimafinansieringsmålet?
– Ja, og no går vi inn i budsjettforhandlingar, så vi får sjå korleis statsbudsjettet ender opp til slutt. Men Noreg bidreg med ein stor andel til klimafinansiering.
Ho trekker fram dei fire viktigaste bodskapane som Noreg tar med seg inn årets forhandlingar:
- Når det ligg an til at den globale snittemperaturen vil stige over 1,5 grader, må den perioden bli så kort som mogleg.
- Når vi veit at temperaturen stig med meir enn 1,5 grader, blir det viktig med klimatilpassing.
- Elektrifiseringa må opp, og Noreg støttar Tyrkias mål om 35 prosent innan 2035.
- Forskinga må ligge til grunn for forhandlingane.
– Forskinga er ikkje noko vi forhandlar på. Vi har sett fleire angrep på forsking ulike stader i verda, seier ho.
Forsking frå Cicero viser ein sterk tilknyting mellom høgrepopulisme og motstand mot internasjonale klimatiltak. Hoem bekymrar seg for kva høgrepopulismens framvekst har å seie for klimasamarbeid.
– Særleg for politikarar som tar til orde i Noreg, Europa og verda for at vi ikkje skal ha det same trykket på klima framover. Det er vi heilt avhengige av. Vi er så nære 2050, når Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn, og når alle skal byrje å nå klimamåla sine, at vi treng at alle bidreg, seier ho.
Ho understrekar at Noreg må bidra til framgang i forhandlingane og verne om Parisavtalen.
– Og så er det lov å vere litt meir håpefull denne veka, med valet i USA, og at Lula vann i Brasil. Det er ein del ting som går rett veg, seier ho.
Spent på vegkart
Noko av det Erfjord er mest spent på i år, gjeld såkalla vegkart for omstilling vekk frå fossile brensel. Frankrike var først ute med å legge fram ein slik plan i vår. Tyskland følgde etter i haust. Brasil har nyleg laga eit forslag til eit globalt vegkart.
– Det blir spennande å sjå korleis dette blir møtt. Det kan inspirere andre land til å lage sine nasjonale planar. Eg håpar dette drar i gang større ambisjonar, seier Spire-leiaren.
Kvart femte år skal COP gjere ein global gjennomgang av Parisavtalen, for å sjekke korleis verda ligg an i løypa. Erfjord er spent på korleis årets gjennomgang blir, og håpar det blir forskingsbaserte og meiningsfulle diskusjonar.
– Flautt og dobbeltmoralsk
Erfjord og Frøiland er einige om at Noreg som eit rikt land som tener stort på oljenæringa, bør gå framfor for å bidra til å løfte ambisjonane under COP. Dei håpar særleg Noreg vil forplikte seg til å levere eit eige vegkart for omstilling.
– Det kan bidra til at andre gjer det. Då får vi fart på den heilt naudsynte globale omstillinga. Mange følger med på kva Noreg gjer, seier Erfjord.
Ho peiker på at Noreg var eitt av 57 land, og ein av få oljeprodusentar, som deltok på den første konferansen for omstilling vekk frå fossile brensel på Santa Marta i vår (International Conference on the Just Transition Away from Fossil Fuels).
– Vi har gått frå å spørje om vi skal fase ut fossile brensel, til korleis vi skal gjere det. Vi snakkar meir om etterspurnad og økonomisk avhengnad av fossile energikjelder. Noreg må bidra konstruktivt til å halde fram med dei diskusjonane. Dessutan må Noreg levere på heimebane for å ha kredibilitet, seier Erfjord.
Frøiland meiner Noreg står i ein spagat.
– Om vi står på klimamøtet og seier at vi skal gjere endå meir for å nå 1,5-gradersmålet, og samstundes opnar for meir oljeleiting heime, utan ein plan for utfasing, så er det flautt og dobbeltmoralsk, seier ho.
Best case-scenario
Også elektrifisering er eit viktig tema under årets forhandlingar. Presidentskapen i Tyrkia har sjølv løfta emnet. Spire-leiar Erfjord understrekar at elektrifisering må bidra til å erstatte fossil energi.
– No går mykje til å bygge ut datasenter. Vi må få til eit mål om at elektrifisering skal bidra til langsiktige behov for eit lågutsleppssamfunn, seier ho.
Dessutan meiner ho det er viktig å sikre tilgang for dei 655 millionar menneska som lever utan energitryggleik.
– Kva er eit realistisk best case-scenario for årets forhandlingar?
– Auka forpliktingar på vegkart, svarar Erfjord.
– Og tydelegare delmål og prioriteringar for klimafinansiering. Vi må ikkje berre seie så mykje pengar, men kor mykje som skal gå til dei ulike postane, svarar Frøiland.










