Natur og Ungdom: – Oljefritt LoVeSe er minstekravet til ny regjering

Sjå resten av krava organisasjonen stiller til Trine, Knut Arild, Erna og Siv.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me forventar at KrF og Venstre utnyttar sin posisjon til å dytta den nye regjeringa inn i riktig miljøspor, seier Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær i ei pressemelding.

Onsdag kveld møtte ho og andre aktivistar fra Natur og Ungdom opp utanfor statsministerbustaden, der Erna Solberg hadde invitert dei andre partileiarane på borgarleg side til samtalar om framtidig samarbeid.

Miljøorganisasjonen stiller som minstekrav til ei ny regjering at Lofoten, Vesterålen og Senja, samt iskanten, Møreblokka, Skagerrak og Jan Mayen, skal vernast mot oljeverksemd. Desse områda fekk Venstre og KrF verna i samarbeidsavtalen med Høgre og Frp-regjeringa under forhandlingane for fire år sidan.

Skjoldvær understrekar likevel at det må stillast høgare krav til miljøpolitikken for dei neste åra, og trekk mellom anna fram deponering av gruveavfall i norske fjordar.

Aksjonistar frå Natur og Ungdom har tidlegare lenka seg fast i protest mot sjødeponi i Førdefjorden i Sogn og Fjordane, og er klare til å gjera det same i Repparfjorden i Finnmark.

– No har dei borgarlege høve til å sørgja for at dei to nasjonale laksefjordane Repparfjord og Førdefjorden ikkje blir offer for miljøfientleg dumping frå gruveindustrien. Dette er ei av sakene som viser Noregs dobbelmoral i miljøpolitikken, seier Natur og Ungdom-leiaren.

Her er resten av kravlista frå Natur og Ungdom til ei ny regjering:

  • Varige petroleumsfrie områder i Lofoten, Vesterålen, Senja, Svalbard, Bjørnøya, Jan Mayen, iskantsona og polarfronten, Skagerrak, Møre-felta og kystnære område av Finnmark.
  • Gjennomgang av karbonrisiko og økonomiske insentiv til oljenæringa.
  • Ikkje tillata dumping av gruveavfall i norske fjordar som Repparfjord og Førdefjorden.
  • Ingen nye rullebanar. Planlegginga av flyplassutvingar i Noreg må stansa.
  • Målet om å redusera dei norske klimagassutsleppa til 46,6–48,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020 må oppfyllast i denne stortingsperioden.
  • Stans i nye tildelingar for olje- og gassutvinning.