Fryktar for kutt i populære nynorske tilbod for barn og unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) mista den faste støtta over kulturbudsjettet frå 2015. Dei siste tre åra har Kommunalkomiteen redda LNK i siste liten gjennom tilskot som i 2017 var på 1,2 millionar kroner. Kulturdepartementet kom tilbake med ei støtte på 300.000 kroner i 2017.

LNK søkte om å få heile støtta på 1,5 millionar frå Kulturdepartementet i år, då Kommunaldepartementet ikkje har slike støtteordningar som det kan søkast på. Dagleg leiar i LNK Vidar Høviskeland er skuffa over at statsbudsjettet berre har ei løyving på 310.000 kroner.

Over ein halv million brukarar

– Eit kutt i statsstøtta vil gå hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion, åtvarar han.

Desse tilboda for barn og unge har så langt i år hatt til saman over ein halv million brukarar. I neste veke er LNK med på å starta Framtida junior – eit stort digitalløft på nynorsk for barn mellom 7 og 13 år.

– Eit kutt i statsstøtta kjem på eit verst tenkeleg tidspunkt når me satsar så tungt på noko som vil vera så viktig for bruk av nynorsk blant barn og unge, seier Høviskeland.

LNK driv i tillegg med språkkurs, språkleg rettleiing og anna nynorskarbeid retta inn mot dei 123 medlemene. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.

Stor støtte

Dei 18 institusjonane og organisasjonane som er organisert i Nynorsk Forum stilte seg tidlegare i år bak kravet om ei løyving til LNK på 1,5 million kroner i 2017.

Noregs Mållag skriv i ei pressemelding at dei er særleg uroa for den usikre situasjonen som Landssamanslutninga for nynorskkommunar nok ein gong har kome opp i.

– Dei gjer ein stor innsats for at born og unge skal møte meir nynorsk på nett, gjennom ulike nettsatsingar med Framtida.no i spissen. Neste veke lanserer dei Framtida Junior for dei yngre borna. Dette er svært effektive og billege tiltak på eit felt der nynorsk verkeleg treng draghjelp, skriv dei.

Grepstad åtvarar mot farse

Ottar Grepstad er kritisk til at regjeringa ikkje har prioritert nynorsken høgare. Foto: Nynorsk kultursentrum

– Både regjeringa og stortingsgruppene er godt kjende med prioriteringane frå nynorskmiljøet i år. Eg vonar Stortinget ryddar opp i den årvisse runden om løyving til Landssamanslutninga av nynorskkommunar før det blir ein farse, meiner Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum.

Han er kritisk til den språkpolitikken som kjem til uttrykk i statsbudsjettet, og skuffa over at regjeringa heller ikkje denne gongen har prioritert Vinje-senteret for dikting og journalistikk i statsbudsjettet.

– Det kostar så lite og gir så mykje å lage eit statsbudsjett som fremjar språkleg jamstilling, seier Grepstad.