«Verda er sjukt urettferdig»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye Changemaker-leiaren er 25 år, kjem frå Ås og er blant anna kjend for å setje Christian Tybring-Gjedde på plass i Stortinget. (sjå nedst i saka!)

Krogh Widskjold er også kjent som eit grasrot-jern, som har vore med i Changemaker sidan ho var 13 år.

– Å ta over for Hanne Sofie Lindahl er som å hoppe etter Wirkola! Eg skal hoppe med min eigen stil, men ta med meg den fantastiske jobben Hanne Sofie har gjort for Changemaker, skriv den nyvalde leiaren i ein epost til Framtida.no.

– For å få til endring meiner eg at vi må syne at det nytter – og det gjer det! Eg vil fokusere på lokalgruppene og deira moglegheit til å vere med å endre dei urettferdige strukturane.

Sende brev til statsministeren som niåring
Krogh Widskjold skriv at ho er stolt over å leie ein organisasjon som torer å sei frå der andre tiar.

– Det skal vi halde fram med, og gjere endå tydelegare! Vi skal sei frå at det ikkje er berekraftig å halde fram å møte internasjonale utfordringar med plasterpolitikk og formidle politiske løysingar på ein ny og kreativ måte, skriv ho.

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Då eg var ni år sende eg brev til statsministeren om at Noreg måtte syne ei menneskeleg side i møte med asylsøkjarane. Ei spire var sådd. Når eg var gammal nok, melde eg meg inn i Changemaker. Dei ropte ikkje om frykt og terror. Dei peika på årsakene bak situasjonane i verda. Changemaker tok konsekvensane av at norsk politikk ikkje er berekraftig for heile verdas befolkning, skriv den nye leiaren.

LES OGSÅ: Ny dobling av diktatoreksporten

I dag har ho like, om ikkje endå større tru, på at Changemaker endrar verda kvar dag.

– Årsaka til det er dei fantastiske Changemakarane som finst i det norske land. Det er utruleg inspirerande å sjå alt dei får til, seier ho.

Sterkare saman
Hjartesaka til Tuva er å gjere verda meir rettferdig.

Ho meiner vi står sterkare saman, og ønskjer å syne alle Changemakarane og andre at vi har moglegheit til å gjere noko med urettferdigheita.

– Politikarar og ekspertar framstiller ofte ting på ein måte som går over hovudet på mannen i gata. Vi skal vise at det er enklare enn mange trur å gjere verda meir rettferdig.

LES OGSÅ: Rapport: Har ikkje kontroll på norske våpen

Særleg er Krogh Widskjold oppteken av norsk våpeneksport.

– Eg klarar ikkje å forstå at det framleis er fleirtal på Stortinget for å eksportere krigsmateriell til autoritære regime. Det er rett og slett flaut!

Ei ny tid for Changemaker
Det var på årssamlinga denne helga at Krogh Widskjold vart vald til nye leiar for organisasjonen, samen med Mina Hennum Mohseni og Ane Kollen Evenmo som nestleiarar.

Ifølgje leiaren var det årssamling for dei store avgjerslene.

– Vi vedtok mykje god ny politikk, mellom anna på kapitalflukt, gjeld og global helse. I tillegg vedtok vi store organisatoriske endringar og Changemaker går inn i ei ny tid. Eg gler meg til å leie Changemaker gjennom desse endringane i året som kjem.  

Vil endre årsakene til fattigdom
Ifølgje den nyvalde leiaren jobbar Changemaker med å endre dei grunnleggjande årsakene til fattigdom og urettferd.

– Det er menneske som har vald å organisere verda på den måten vi har gjort, og difor kan vi endre dei urettferdige strukturane. Vi har nok mat i verda, men fordelinga fører til at menneske døyr av svolt. Det forsvinn langt meir pengar ut frå fattige land i ulovleg kapitalflukt, enn det desse landa tek imot bistand. Kvart tredje land i verda står i fare for å hamne i gjeldskrise. Moglegheitene for endring er mange!

Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn der dei grunnleggjande strukturane byggjer opp under rettferd i staden for å skape urettferd. Eit samfunn der alle vert inkludert og kjenner seg sett, samstundes som dei torer å skilje seg ut og verte utfordra. Klart vi kan endre verda!

«Verda er sjukt urettferdig»
Krogh Widskjold er ikkje i tvil om at det er bruk for Changemaker i verda.

– Verda er sjukt urettferdig. Det var difor eg vart med i Changemaker, og det er difor eg framleis er med. Mange trur at ein ikkje kan gjere noko med urettferdigheita. Det er skremmande.  Changemaker ser at strukturane er laga av oss menneske og at det er vi som kan endre disse. Å tru noko anne er naivt! Skriv leiaren.

Ho meiner norske changemakarar må feie for eiga dør og byrje med Noreg.

– Noreg må ta sitt ansvar for situasjonen verda er i, og bruke moglegheita til at norske styresmakter og beslutningstakarar har til å endre dagens urettferdigheit. Det er ikkje få!

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Det er eit viktig og vanskeleg spørsmål. Changemaker arbeider med utviklingspolitikk. For nokre kan det verke som eit fjernt tema, og eg vil påstå at dei angår oss alle. Verda heng saman og dermed må politikken også vere samstemt. For å nå fleire ungdommar, trur eg at det er viktig å syne at det å engasjere seg nyttar. Det er lett å bli lamma av kompliserte ord og ei uroleg verd. Nettopp difor må vi syne kor lett det er å få til endring som gjer verda meir rettferdig!

LES OGSÅ: Krev kamp mot skatteflukt

Her fekk Christian Tybring-Gjedde svar på tiltale i Stortinget på høyringa i fjor: