Dei 125 deltakarane på konferansen Demokratiet: Blåmandag eller grøn framtid? i Stavanger denne veka fekk oppleve svensk fyrverkeri, ein provoserande professor, vågale politikarar og engasjerte ungdommar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 22.09.2017 12:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På konferansen blei også bloggen til prosjektet Mot til å meina (MTÅM) blåst i gong. Denne bloggen finn du her på framsida til Magasinett. Bloggen blir driven av ungdommar som er involverte i prosjektet som har som mål å auke det politiske engasjementet blant ungdom.

Konferansen i Stavanger var det dei same ungdommane som arrangerte. 12 ungdommar frå Sauda, Hjelmeland, Strand og Time i Rogaland har allereie jobba i eitt og eitt halvt år med prosjektet Mot til å meina. Med bloggen håpar dei å provosere og engasjere ungdommar til å ta eit standpunkt i saker som angår dei.

Under den to dagar lange konferansen med deltakarar frå tenåringsalder og opp til 70 år var det muleg å la seg inspirere, provosere og vekke til politisk engasjement.

AUF-leiar i Rogaland, Christina Nessa (19), vil bli snakka med av dei vaksne og ikkje bli snakka til, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom, Jostein Avdem Fretland (19), oppmoda kommunane til å kome seg på Facebook. Professor i samanliknande politikk, Frank H. Aarebrot, meinte dagens politikarar er for feige og vil gi ungdommane meir makt.

Stortingsrepresentantane Hadija Tajik (Ap) og Geir Pollestad (Sp) sa at det som var avgjerande for deira politiske engasjement var at sentrale politikarar såg dei og fanga dei opp.

LES OGSÅ: Snakk så me forstår

Putte Svensson

Putte Svensson. (Foto: Elin Moen Karlsen)

Hultsfred-general Putte Svensson fortalde eventyret om korleis festivalen, som blir arrangert for 25. gong i år, blei til. Svensson arrangerte festivalen for første gong saman med kameratar i 1986, då han bare var 15 år. 7500 svartkledde og rockemusikkelskande menneske kom til den då vesle og rolege svenske tettstaden Hultsfred i 1986. Sidan har festivalen vakse til det den er i dag med over 20.000 deltakarar og omsetjing på over 100 millionar kroner.

Svensson kunne fortelje at det ikkje var takka vere etablerte politikarar og vaksne at Hultsfred-festivalen har blitt det den er i dag. Ungdommeleg stå-på-vilje var oppskrifta på suksessen.

Stemmerett for 16-åringar var også eitt av tema på konferansen til Mot til å meina. MTÅM-ungdommane kunne fortelje at dei har oppretta ei Facebook-side som er for å senka stemmerettsalderen, og at denne sida i løpet av få dagar har fått fleire 100 medlemmar. Ordførarane i Vågå og Gjesdal kommune var på konferansen og fortalde kvifor dei er med på prøveprosjektet med å ha stemmerett for 16-åringar i neste års kommuneval.

Ei kartlegging utført av Sentio research på vegner av valprosjektet Mot til å meina blei presentert under konferansen. Kartlegginga er gjennomført blant eit utval på 1000 personar blant Norge sin befolkning mellom 15 og 25 år, og viser at heile 77 prosent av dei spurde meiner 16-åringar ikkje er modne nok til å røyste ved val.

LES OGSÅ: Kva skal til for at unge brukar stemmeretten?