Barneministeren vil ha «forsterka institusjonstilbod» mot ungdomskriminalitet
Lova bør endrast for å gjere det enklare å kunne låse dørene i utvalde barnevernsinstitusjonar, meiner barneminister Lene Vågslid og forgjengar Kjersti Toppe.

– Vi må gjere meir for å verne desse barna. Dette handlar også om å verne samfunnet vårt mot ei utvikling vi ikkje kan akseptere, skriv Vågslid (Ap) i ein e-post til NTB.
Ap og Sp har funne saman om eit forslag om at det bør komme på plass nye lovheimlar. Det skal opne for eit forsterka institusjonstilbod innan barnevernet.
Forslaget kjem samtidig som byrådsleiar i Oslo Eirik Lae Solberg (H) kallar inn til ekstraordinært møte i politirådet, etter fleire alvorlege kriminelle hendingar med mindreårige den siste tida.
Formålet er å drøfte korleis Oslo kommune kan samarbeide med politiet for å handtere utfordringar knytte til at stadig yngre ungdommar blir rekrutterte til alvorleg kriminalitet.
Toppe: Så lukka som nødvendig
Toppe meiner barnevernet må setjast i stand til å gjere meir for barn som gjer alvorleg og gjentekne kriminelle handlingar, eller som står i fare for det.
– Det er ikkje dagens barnevern rusta for. Barnevernsinstitusjonar må vere så opne som mogleg, så lukka som nødvendig, seier stortingsrepresentant Toppe (Sp), som også er tidlegare barne- og familieminister.
Dei to partia leverte måndag inn forslaget i Stortinget. Forslaget er ope utforma, og kva «forsterka institusjonstilbod» betyr er enno ikkje definert. Det vil i så fall regjeringa komme tilbake til.
Men Vågslid og Toppe peikar på nokre tilrådingar frå ekspertutvalet som Knut Storberget leidde.
– Det trengst tydelegare lovheimlar, men også opprusting av bygg og solid tverrfagleg bemanning i forsterka institusjonar, som sikrar ungdommane ei trygg utvikling i staden for tilbakefall til kriminalitet og negativitet, seier Toppe.
Vågslid djupt bekymra
Storbergetutvalet tilrådde at det kan opprettast enkelte barnevernsinstitusjonar – kanskje tre totalt – som er spesielt tilrettelagde.
Samtidig er det viktig at innskjerpande tiltak som å låse unge inne eller gi dei restriksjonar på kvar dei kan bevege seg, må kombinerast med god nok bemanning og oppfølging, understrekar Toppe.
– Eg er djupt bekymra over dei alvorlege hendingane som har skjedd den siste tida, der barn blir utnytta av kyniske kriminelle. Dei aller fleste barn og unge i Noreg bryt ikkje lova, men vi ser ei utvikling no kor unge som bryt lova stadig blir yngre, og lovbrota meir alvorlege, seier Vågslid.