Framtida.no og Høgskolen Stord/Haugesund inviterer til nasjonal konferanse om ungdom, valdeltaking og medverknad 8. juni på Stord.

Redaksjonen
Redaksjonen
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

 Under halvparten av unge under 30 år bruker stemmeretten sin i lokalval. Men etter fleire år med nedgang i valdeltakinga, mobiliserte ungdom ved vallokala i 2011. 22. juli og forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar og den gode valdeltakinga gjorde at lokalvalet i 2011 blei kalla ungdomsvalet.

Men kva skal til for at ungdom skal nytta stemmeretten sin no i haust også?

LES OGSÅ: Kan 17-åringar styra ein kommune? 

Aarebrot og ung ordførarkandidat
Politikarar, valmedarbeidarar, lærarar, ungdomsråd, studentar, elevar og andre er inviterte til konferanse på Stord 8. juni.

Blant føredragshaldarane er leiaren av Kommunalkomitéen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp). Han blei sjølv ordførar som 23-åring i Austevoll.

Professor og valforskar Frank Aarebrot kjem òg. Det same gjer Anri Hebib (H), som er ein av Noregs yngste ordførarkandidatar og valforskar Johannes Bergh, som står bak rapporten om ungdomsvalet 2011,

Det blir òg besøk frå Radøy – Årets barne- og ungdomskommune 2014 og fleire kommunar som satsar for fullt med forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar i haust. 

– Målet med konferansen er å få fram kor viktig det er at ungdom nyttar stemmeretten sin og visa fram døme på korleis flest mogleg innbyggarar kan ta informerte val i lokalvalet, seier prosjektleiar og redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

Les meir om programmet og meld deg på her! 

LES OGSÅ: Anri (20) vil bli ordførar 

Planlagt av ungdommen
Arbeidet med programmet har vore leia av ei gruppe av representantar frå ungdomsråda i Bømlo og Stord og Ungdommens fylkesutval i Hordaland.

Éi av dei som er med på å planlegga konferansen er nestleiar i Stord ungdomsråd Anna Sofie Ekeland Valvatne.

– Eg gler meg utruleg mykje til denne konferansen. Det kjem til å bli ei veldig lærerik oppleving eg kjem til å ta med meg vidare i livet, og ikkje minst; eg får møte Frank Aarebrot! seier ho.

LES OGSÅ: Eirik (16) fortel ikkje kompisane at han driv med politikk 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE