– Snakk så me forstår
Ungdom om kva som skal til for at dei skal nytta stemmeretten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Time kommune er ein heilt vanleg kommune i Noreg, med kring 15.000 innbyggarar. 36,98 prosent av dei under 26 år deltok ved sist lokalval i Time kommune midt på Jæren. 16 unge var nominert listene. Ein av dei blei valt inn. Målet no er å dobla dette.
– Eg håpar me skal klara det. Når det gjeld nominasjonar, så byrjar det å hasta. Fristen går ut i løpet av månaden, sa Time-ordførar Arnfinn Vigrestad då han opna konferansen ”Snakk med oss – så gidde me kanskje å stemma” i Oslo torsdag.
Over hundre ungdommar, valmedarbeidarar og politikarar deltek på konferansen til Mot til å meina som har siste dag i dag.
– Skal stemma
Hanne Nærland Obrestad, Veronica Bollestad, Kristina Haugen Åsebø, Anita Ueland og Hege Ulvnes Haugland frå Bryne vidaregåande deltek på konferansen. Dei fleste av dei har tenkt til å stemma. Men ingen av dei har bestemt seg for parti enno, og meiner dei veit lite om kva partia lokalt står for.
– Det er enkeltsakene som fengar mest, seier Hege. Skule, billegare sertifikat og bensin og betre busstilbod er nokre av sakene dei nemner.
– Bruker for vanskeleg språk
Men kva skal til for å få fleire unge til å stemma?
– Det er vanskeleg å bestemma seg, seier Hanne Nærland Obrestad. Ho er ikkje sikker på om ho vil stemma.
På spørsmål svarar ho at ho vil studera brosjyrar for prøva å finna ut meir. Debatt på skulen vil òg hjelpa.
Alle er samde om at der for lite debatt på skulen.
LES OGSÅ: Dette førte ungdom ut i gatene
– Få partia til å koma på skulen og fortelja om kva dei står for, skyt Veronica Bollestad inn, og innrømmer at det er lett å skli innom Facebook når ein i staden må lesa om politikk i partiprogram.
– Mange av politikarane bruker altfor vanskeleg språk, legg ho til.
– Jobbar med saka
– Det er full mogleg for ein politikar å snakka forståeleg, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp). Han fortel at alle saker som statsministeren og statsrådane tek opp i Stortinget skal vera skrive i eit enkelt og forståeleg språk.
– Og så er det også opp til avisene å skriva det uforståelege politikarspråket forståeleg for flest mogleg.
Ung makt
Torsdag deltok mellom anna leiar i Granvin ungdomsråd, Synnøve Kvamme, og snakka om korleis ei monstermast kan setje fyr på engasjementet. Trond-Viggo Torgersen som er leiar av regjeringa sitt uval om unge si makt og deltaking fortalte mellom anna om korleis lærlingar som ryk uklar med lærebedrifta si fell mellom mange stolar.
Fredag opnar med kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) før ei rekkje andre innleiarar skal fortelja om kvifor det er viktig at unge deltek, og korleis ein kan få dette til.
Faktaboks
Mot til å meina er eit prosjekt som har som mål å auka det politiske engasjementet blant unge.
Nasjonalt Garborgsenter og kommunane Sauda, Hjelmeland og Time står bak.
Dei vidaregåande skulane som dekkjer pilotkommunane har peika ut fem elevar kvar som skal følgja prosjektet og leggja premissar og gi innhald til prosjektet.