Førre helg gjekk amerikanske styrkar til åtak på Venezuela. Landets president Nicolás Maduro og kona hans Cilia Flores vart tekne til fange og frakta til USA.
Måndag vart dei stilte for retten i New York. Dei er, saman med sonen, tiltalt for «narkoterrorisme» og for å ha hatt ulovlege våpen. Dei nektar straffskuld.
Tysdag møttest Ukrainas allierte, kjent som «Koalisjonen av dei villige», i Paris. EU, Nato og 34 land, inkludert Noreg, deltok i toppmøtet, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Landa blei samde om at ein framtidig fred i Ukraina må sikrast av sikkerheitsgarantiar. Den franske presidenten Emmanuel Macron og den britiske statsministeren Keir Starmer skreiv under ei slutterklæring saman med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.
Eit sentralt punkt er at USA skal leie overvakinga av ei eventuell våpenkvile.
Ei USA-leia overvaking og verifisering av ei framtidig våpenkvile, i samarbeid med koalisjonspartnarar
Støtte til Ukrainas eigne forsvarsstyrkar
Ein internasjonal sikringsstyrke
Støtte til Ukraina viss Russland angrip igjen
Langvarig militær støtte og samarbeid med Ukraina
Zelenskyj, Macron og Starmer underskreiv avtalen. | Foto: Ludovic Marin, Pool photo via AP
Minst 36 drepne i iranske demonstrasjonar
Det som starta som ein butikkstreik på grunn av inflasjon og krevjande økonomi 28. desember, har utvikla seg til å bli dei største demonstrasjonane i Iran på over tre år, med krav om at styresmaktene må gå av, skriv NRK.
CNN har verifisert videoar av protestar frå fleire byar landet over. Demonstrantane protesterer mot prestestyret i landet, og fleire uttrykte støtte til den iranske kronprinsen Reza Pahlavi, som har levd i eksil sidan den iranske revolusjonen i 1979.
Ifølgje menneskerettsgruppa Iran Human Rights (IHR) er minst 45 demonstrantar drepne av iranske sikkerheitsstyrkar sidan demonstrasjonane starta, åtte av desse skal vere barn. I tillegg skal mange fleire vere skadde og over 2000 arresterte.
Skjermdump frå ein video publisert i sosiale medium og vidareformidla av CNN, som visar protestantar og flammar i gatene i Iran. | Foto: CNN
Tilsynsråd er bekymra for ungdom i Bjørgvin fengsel
Tilsynsrådet for kriminalomsorga meiner det er høg risiko for brot på rettane til barn ved ungdomseininga i Bjørgvin fengsel i Bergen, skriv NTB.
Bjørgvin ungdomseining har fire plassar for unge i alderen 15–18 år.
Tilsynet peikar på mangelfulle tilbod for barn i fengselet, auka bruk av isolasjon, pressa økonomi og høg arbeidsbelastning for tilsette.
Dei trekker fram høg risiko for ulovleg bruk av sikringscelle, og for umenneskeleg eller nedverdigande behandling av barn.
Ifølgje ungdomseininga blir det lagt ned eit stort arbeid for å førebyggje uønskte hendingar, og innsette får i utgangspunktet ei åtvaring før isolasjon blir nytta, skriv NTB.
Ungdomseininga i Bjørgvin fengsel. | Foto: Marit Hommedal / NTB
2025 varmaste år registrert i Noreg
Aldri før har Meteorologisk institutt registrert eit så varmt år som 2025. Dei høge temperaturane er sterkt knytte til menneskeskapte klimaendringar, skriv dei i ei pressemelding.
Rapporten syner at landtemperaturen i Noreg i 2025 enda 1,5 gradar over det som er normal temperatur i dagens klima (1991-2020-normalen). Samanlikna med førindustriell tid, var det 2,8 grader varmare i 2025.
– Alle månader i 2025 var over normalen. Det er første gong vi registrerer det, uttalar klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.
Nokon kjølar seg ned ved badeplassen Frysja i Oslo i det varme sommarvêret i juli. | Foto: Javad Parsa / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.