Den unge forfattaren les gjerne oppvekstromanar, eller romanar som tek utgangspunkt i historier eller menneske frå Bibelen.
– Eg hugsar ikkje kva bok det var, men ein gong på vidaregåande las eg ei bok som gjorde meg så sint at eg reiv ut den siste sida, skriv Ingrid Lensol på e-post til Framtida.no.
Lenger nede i saka kan du sjå kva bøker som har fått ho til å bli trist, le, bli sint og tenkje.
Forfattar Ingrid Lensol (27) las 15 bøker i fjor, og 20 året før. Ho går inn i 2026 med eit mål om å lesa meir enn det.
– Eg er veldig glad i bøker med godt og poetisk språk, svarar ho på spørsmål om kva ho meiner gjer ei bok god.
Handling og karakterar
Ingrid Lensol
Alder: 27
Frå: Kvernaland i Rogaland
Utdanning: Eigentleg utdanna sosionom, men fullfører no bachelorgrad i Allmenn Litteraturvitskap
Yrke: Student, og tilsett på Litteraturhuset i Trondheim
Etter å ha lese Sommerlys, og så kommer natten av Jón Kalman Stefánsson, fekk ho lyst til å utforska resten av forfattarskapen hans, fordi ho fall for språket hans.
– Eg elskar også Per Pettersons Ut og stjæle hester på grunn av språket. Men også fordi eg vart glad i hovudpersonen Trond. Så ein kombinasjon av sterkt språk og interessant handling og karakterar? svarar ho vidare.
I fjor debuterte Ingrid Lensol med romanen Jeg savner å føle at noe ikke skal ta slutt på Flamme Forlag.
Framtida.no har teke ein kikk i bokhylla til debutanten.
Oppvekst og Bibelen
Jeg savner å føle at noe ikke skal ta slutt handlar om seks år gamle Erle, som får ein veslebror ho vil passa på. Òg som lesar set Ingrid Lensol pris på bøker om oppvekst og familierelasjonar, gjerne med barn som hovudkarakter. Ho set òg pris på romanar som er forankra i ein stad, eller som tek utgangspunkt i historier eller menneske frå Bibelen.
– Og eg har vore meir begeistra for enkelte sci-fi romanar enn eg hadde trudd. Litt poesi innimellom, men vil gjerne lesa meir, legg ho til.
Ho les gjerne i godstolen i lesekroken heime, på bussen, på toget, på kafé, eller i senga.
På nattbordet hennar ligg Bibelen, Superbloom av Harmeet Kaur, Ve av Jevegenij Zamajatin, Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten og Den store skilsmissen av C.S. Lewis.
– Litt for mange, kanskje, meiner ho sjølv.
Albert Åberg og mysterium
– Kva bøker vart lesen til deg som liten?
– Eg elska bøkene om Albert Åberg! Det var som regel mor som las for meg. Då eg vart litt eldre las eg gjerne Frøken Detektiv og Bjørn Sortland sine mysterie-bøker. (Hm, har aldri tenkt over at eg var så glad i mysterium då eg var barn, men no ser eg jo at det var ein gjengangar.)

Albert Åberg skapt av Gunilla Bergstöm, var populær i oppveksten. Illustrasjon: Gunilla Bergstöm/Cappelen Damm
Som tenåring gjorde Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay og Drageløperen av Khaled Hosseini sterkt inntrykk.
– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
– Det må jo vera Erle frå min eigen roman, men det kjennest litt for openbert å seia det, svarar Lensol.
C.S. Lewis for livet
– Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Det måtte vore C.S. Lewis. Han har ein brei forfattarskap eg er langt frå ferdig med.
Men var det ei bok ho skulle ynskja ho hadde skrive, så var det Sommerboken av Tove Jansson.
Og skulle ho invitert ein valfri forfattar på middag måtte det verta 83 år gamle Herbjørg Wassmo.
– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Hm. Kanskje Fredrik Hagen. Eg er i alle fall fan, svarar forfattaren.
Eli som Erle
– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?
– Eg trur Elli Rhiannon Müller Osborne ville vore veldig passande til Erle.




