Onsdag la Ap fram eit forslag til statsbudsjett som har støtte frå Sp, SV og Raudt, etter tøffe forhandlingar på overtid.
Nokre av dei viktigaste gjennomslaga frå forhandlingane er eit nasjonalt månadskort for kollektivtransport, tannhelsereform og kutt i dieselavgifta.
Forslaget har derimot ikkje støtte av MDG, og har dermed ikkje fleirtal på Stortinget. Det blir difor utfordrande for regjeringa å få budsjettet vedteke.
MDG forklarar at dei ikkje vil støtte eit statsbudsjett som ikkje fører til kutt i klimautslepp på verken kort eller lang sikt. Ap hevdar at budsjettframlegget vil gi utsleppskutt, men MDG meiner Ap driv med «grønvasking» og «taltriksing». Dei peiker på Sps ultimatum om lågare drivstoffavgifter som den største hindringa i forhandlingane.
Dersom Ap ikkje får fleirtal for eit budsjett i desember, kan det føre til eit såkalla kabinettspørsmål, som kan gjere at regjeringa må gå av. Då vil Sylvi Listhaug, som leiar av Frp, det største opposisjonspartiet, få høve til å danne ny regjering.
Trump skal ha ringt Nvidia-styremedlemer direkte for å få Huang gjeninnsett. Apparatet rundt Trump skal ha forsikra Nvidia-styret om at Huang ikkje utgjer nokon tryggleiksrisiko.
Nvidia-aksjen skaut i vêret etter at det vart annonsert at Huang kom tilbake, men har sidan falle igjen.
Trump skal sjølv ha tent opp mot 15 millionar dollar på Nvidia-aksjar etter at Huang vart sett inn att som sjef.
Jensen Huang fekk overlevert National Medal of Science frå president Donald Trump i oktober. | AP Photo/Julia Demaree Nikhinson
Ebola-smittearbeid hindra av konflikt i DR Kongo
Sivile har måtta flykte frå Ituri-provinsen i Den demokratiske republikken Kongo (DRK) på grunn av samanstøyt mellom den kongolesiske hæren og den væpna gruppa Convention for the Popular Revolution (CRP).
Rundt tolv personar, mellom anna to tilsette i Verdas helseorganisasjon (WHO), måtte søke tilflukt i eit sjukehus i tre dagar då dei hamna i krysselden.
WHO kjempar mot ebola-smitte i området. Over 12 000 menneske er registrerte smitta og over 5900 har døydd, ifølge styresmaktene. Helsearbeidarar har no vorte tvinga til å forlate råka område i den austlege delen av landet på grunn av den væpna konflikten.
Landet er råka av den sjeldne Bundibugyo-varianten av ebola-viruset. Det finst inga behandling eller vaksine mot varianten. Viruset har fått stor spreiing, mellom anna på grunn av konflikt og eit helsesystem under press.
Helsestyresmaktene kjempar mot ebola-viruset i DR Kongo. | AP Photo/Sebastien Kitsa Musayi
Svenske Centerpartiet snur til høgre
Den svenske statsministeren Ulf Kristersson (Moderaterna) ser ut til å få halde fram etter at Centerpartiet har sagt at dei vil støtte ei regjering på høgresida utan dei ytterleggåande Sverigedemokraterna (SD).
Det skjer etter at Magdalena Andersson, leiar for Socialdemokraterna, sa ho ikkje ser noka moglegheit for å danne regjering på venstresida. Socialdemokraterna har fleirtal i Riksdagen – det svenske Stortinget – saman med Miljøpartiet, Centerpartiet (C) og Vänsterpartiet (V), men det har vist seg vanskeleg å foreine C og V om felles politikk.
I staden har Centerpartiet altså snudd seg mot Kristersson og Moderaterna. Med støtte frå både C og SD, i tillegg til Kristdemokraterna og Liberalerna, kan Kristersson danne ei mindretalsregjering. SD sa i valkampen at dei ikkje ville støtte ei regjering dei ikkje sjølv var del av, men det kravet har dei gått bort frå.
Ulf Kristersson (Moderaterna) ser ut til å halde fram som statsminister i Sverige etter at det først såg ut som han tapte valet i september. | Foto: AP Photo/Marius Burgelman
Senegal får tilbake afrikameister-tittelen
Den internasjonale skilsdomsretten for sport (CAS) har behandla ein klage frå Senegal, som vart fråteke afrikameister-tittelen tidlegare i år. Dei landa på ei samrøystes avgjersle: Senegal er vinnar av finalekampen, og dermed turneringa.
Senegal vann finalen i Afrikameisterskapen i fotball mot vertslandet Marokko i januar, men vart i etterkant fråteke tittelen. Det skjedde fordi fleire av spelarane frå Senegal forlét banen under kampen etter ordre frå trenaren, i protest mot dommaravgjersler.
Den marokkanske fotballforeininga meinte at Senegal hadde sagt frå seg kampen då spelarane forlét bana, og det afrikanske fotballforbundet (CAF) tilkjente Marokko ein 3–0-siger på walkover.
Senegal får dermed sin andre siger i meisterskapen, etter at dei også vann i 2022.
Senegal-spelaren Sadio Mané løfta trofeet etter sigeren mot Marokko i januar. No kan han feire på nytt. | Foto: AP Photo/Youssef Loulidi, File
Vekas lyspunkt: Første pakistanske astronaut
Kina har for første gong sendt opp ein pakistansk astronaut i verdsrommet. Muhammad Zeeshan Ali (40) blir den første ikkje-kinesiske borgaren som set fot på romstasjonen Tiangong.
Der skal han forske på effekten stråling og mikrotyngdekraft har på frø. Forskinga har som føremål å førebu lengre reiser ut i rommet.
Kina har eit mål om å gjere Tiangong til ein internasjonal forskingsstasjon, og ønsker å sette kinesiske astronautar på månen innan 2030.
Pakistanske Muhammad Zeeshan Ali (til venstre) er med på ei kinesisk romferd. | Foto: AP Photo/Andy Wong
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.