Alexander (16) vil bli ordførar

Leiaren i Sør-Varanger ungdomsråd synest ikkje det er skummelt å grensa til Russland i desse dagar, men merkar at forholdet har blitt kaldare.

Vilde Standal Bøyum
Publisert

– Eg har inntrykk av at veldig mange ifrå sør synest at det er skummelt her oppe, men eg føler det ikkje sånn, seier Alexander Johansen, leiar i Sør-Varanger ungdomsråd.

Sør-Varanger ligg på grensa til Russland, landet som no fører krig i Europa. Men det er ikkje noko som Johansen tenkjer mykje på i kvardagen.

Halvt russisk

– Mora mi er jo faktisk russisk. Så før korona, så brukte eg å vere i Russland, men no har eg ikkje ein stor trong for det, seier han.

Johansen les nyhende om alt Russland har gjort, men det gjer ikkje at han føler seg meir utrygg.

– Det kjenst som det alltid har gjort. Eg føler ikkje at det er noko å vere redd for her, eigentleg, seier han.

Han legg til at Kirkenes er cirka 200 kilometer vekke frå næraste kjernekraftverk, og innrømmer med latter at akkurat dette faktumet er litt skummelt.

– Eg trur det kjernekraftverket som er der er av same type som Tsjornobyl, seier han.

Konkurs og hærverk

Sjølv om han ikkje tykkjer det er skummelt å bu i Kirkenes, har han kjend på litt forskjellar. Som at russarane ikkje lenger kan kome over grensa utan tilknyting til landet.

– Det har øydelagt litt for lokalnæringa. Vi har hatt fleire konkursar. For eksempel Biltema og Elkjøp gjekk konkurs. Men no har vi fått ein Power, så no er eg glad, ler Johansen.

Litt hærverk har det òg vore, ved minnesmerket etter sovjetiske soldatar som fall i Kirkenes under 2. verdskrigen.

– I år var det ein del blomar der, og så vart det vandalisert, seier Johansen.

Monumentet som minnar falne sovjetiske soldatar under 2. verdskrigen har vore vandalisert fleire gonger. | Vilde Standal Bøyum

Multikulturelt samfunn

Johansen ser både dei gode og mindre gode sidene av å bu i Kirkenes.

– Eg likar plassen veldig godt. Det er ein spanande plass å bu, det er veldig multikulturelt.

Han nemner at ei gruvedrift, Syd-Varanger gruve som har gått konkurs to gongar før, mest sannsynleg skal opne att.

– Det skaffar jo mange arbeidsplassar. Å byggje ut sånne industriar og skape verdiar oppe i nord, det tenkjer eg er veldig bra og noko vi bør satse på, men det er lite av det, seier han.

Tung forsvarssektor

Han tykkjer fokuset ligg litt for tungt på forsvar og beredskap.

– Klart, det er veldig viktig at vi har det, men vi må framleis byggje ut moglegheitene for lokalbefolkninga, seier han.

Og av dei mindre attraktive sidene ved Kirkenes…

– Det er ute i gokk. Flybillettane til Oslo, dei kostar flesk. Så skal ein på noko konsert, for eksempel Metallica som spela på Tons of Rock? Dæven, eg hadde lyst å dra dit, men det kostar så sinnssjukt mykje. Det er jo eit minus med å bu her, seier han.

Vil bli ordførar

Trass i slike situasjonar, trivst Johansen godt i Kirkenes.

– Moglegheitene er store, for eksempel i lokalpolitikken. Det er litt lettare å kome seg inn i det her enn i store byar som Oslo, seier han.

På spørsmål om framtida og kva Johansen sin store draum er, har han raskt svaret.

– Å bli ordførar om to år. Det hadde vore veldig artig. Då er eg akkurat 18 år òg, seier Johansen, og spøker om at det ville gjort han til Noregs yngste ordførar.

Då ønskjer han å vidareutvikle kommunen.

– Skape mange arbeidsplassar og moglegheiter. Bygd universitet, kanskje. Og utvikla flyplassen, seier han.