«Eg var berre ti år første gong eg verkeleg kjente rasisme på kroppen»
Rasisme er ikkje eit ord som kan teiast i hel, skriv Kenni Dogbey (17).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er ein omskriven versjon ein av «Ta ordet»-vinnarane, som er vald ut til å representere Noreg i Nordisk talefest i København.
Tenk deg at du går inn i eit rom. Det første folk ser er ikkje smilet ditt, personlegdommen di eller kva du har å seie, men hudfargen din.
Før du får sagt eit ord, blir du plassert i ein boks, dømt på utsjånaden din og møtt med blikk eller ord som sårar.
Dette er kvardagen for mange, inkludert meg.
Smertefulle ord
Ord som «Svarting, apekatt, og skadedyr» kastast ut som om det heilt alminnelege ord. Men for dei som får høyre orda, blir det sittande og smerte.
Eg var berre ti år første gong eg verkeleg kjente rasisme på kroppen.
Ein livleg tiåring som sprang rundt i butikken for å finne eit godteri ho hadde lyst på.

Eg hugsar framleis pulsen, hjartet som hamra

Ein butikktilsett gjekk forbi meg og eg stoppa ho ved å spørje om hjelp. Først blei eg ignorert, men etter fleire forsøk fekk eg eit svar eg aldri kjem til å gløyme «Eg snakkar ikkje med sånne som deg, sånne mørke.»
Eg hugsar framleis pulsen, hjartet som hamra og tårene eg pressa tilbake. Men eg sa ikkje ifrå til pappa, fordi eg kjende på skam.
Skam og sjølvhat
Rasisme gjer noko med sjølvbildet ditt, og skamma blir fort til sjølvhat. Den livlege tiåringen som gjekk inn i butikken, kom ut som noko anna, med ein gneist som sløkt altfor tidleg.
Slike hendingar er ikkje eineståande. Dei skjer på butikken, på skulen, på bussen, og bli dessverre ein del av kvardagen.
I ein fersk rapport frå Bufdir svarte 45 prosent av barn og unge at dei hadde opplevd rasisme det siste året. Over 1000 ungdommar, bak kvart tal står eit ansikt, ei historie og eit hjarte som dunkar.
Hard debatt
Vi lever i ei uroleg tid, prega av krig, konflikt og ein hard debatt om innvandring og integrering.
Når politikken blir delt i «oss» og «dei», så drypper det ned i kvardagen vår.

Stillheit gir hatet rom til å vekse.

Det er ikkje berre på talarstolar og i kommentarfelt hatet kjem til syne, det skjer på skulen, på bussen, i butikken.
Og det er vi som unge som må bere konsekvensane. Derfor kan me ikkje la stillheita råde, for stillheit gir hatet rom til å vekse.
Kunnskap om rasisme
Dette handlar ikkje berre om oss som opplever rasisme. Det handlar om kva samfunn vi vil leve i.
Skal vi la stillheit og hat forme framtida, eller skal vi rive ned murar og byggje fellesskap?
Eg meiner at vi treng meir kunnskap om rasisme, både i skulen og i samfunnet. Vi må tørre å seie ifrå når vi ser urett på gata, på nettet, i vennegjengen.
For stillheit betyr at rasisme vinn.
Rasisme er ikkje eit ord som kan teiast i hel. Det er ein brann som berre kan sløkkjast med handling. Og det startar her, med oss, med orda våre, med vala våre.
Ingen skal måtte stå i dette åleine.






