Å sjå vekk er heller ingen veg til fred
Folkeretten handlar nemleg ikkje berre om statars suverenitet, men også om at land skal verne befolkninga si. Når styresmaktene i landet ikkje gjer det, får det internasjonale samfunnet eit moralsk og politisk ansvar, skriv Alexander Grimstad.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
USA er den viktigaste demokratiske forkjemparen i verda. Når autoritære regime stadig tek meir plass, og skaper ustabilitet, er ikkje passivitet eit ansvarleg val.
USA er ikkje kva som helst land i verda. Som den mektigaste staten i verda, og den viktigaste tryggingsgarantisten for vesten, kan ikkje USA opptre nøytralt når autoritære regime undertrykkjer eiga befolkning og skaper regional ustabilitet.
Nicholas Maduro er ikkje berre udemokratisk vald. Han juksa seg til siger i 2024-valet, har knust dei politiske motstandarane sine, drive venezuelansk økonomi i ruin, gjort menneskerettsbrot og på toppen av det heile er han tiltalt for narkoterrorisme i USA.
Han er ein diktator som påverkar millionar av liv.
At AUF erkjenner dette, men likevel meiner verda berre skal sjå på, er ansvarsfråskriving.
Folkeretten handlar nemleg ikkje berre om statars suverenitet, men også om at land skal verne befolkninga si. Når styresmaktene i landet ikkje gjer det, får det internasjonale samfunnet eit moralsk og politisk ansvar.
Å avvise all bruk av militær makt, og grunngi den som illegitim, overser nettopp dette ansvaret, og sender feil signal til både offer og undertrykkjarar.
Venezuelas situasjon er ikkje lik Afghanistan og Irak, som vart langvarig okkupert, eller Iran som aldri vart invadert. Det er eit målretta angrep på eit udemokratisk, og undertrykkjande styre. Venezuelanarar verda over feirar fallet av det korrupte Maduro-regimet, og er glad for at verda endeleg gjorde noko anna enn å sjå på – og det har vi i Noreg også grunn til.
Å bombe er kanskje ikkje alltid svaret.
Men å sjå bort er heller ingen politikk. Det gir berre eit bilete om at vi tillèt det som skjer.
Les også innlegget til Mattias Eikeland (18) i AUF om situasjonen med Venezuela:







