Semje om statsbudsjettet for 2026
Natt til onsdag blei Ap, SV, MDG, Sp og Raudt einige om statsbudsjettet for 2026, skriv VG.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til FriFagbevegelse at budsjettet heng saman, at det er ansvarleg pengebruk, og at dei held skatteløftet sitt.
Eitt av punkta partia har blitt einige om, er å sette ned ein kommisjon som skal sjå på korleis norsk økonomi kan fungere med mindre olje og gass.
MDG seier til VG at det er siste kapittel i norsk oljehistorie. Geir Pollestad i SP seier at om dette er siste kapittel, kan det bli verdas lengste kapittel, og at det kan vare i 100 år.