«Miss Norway 2025» gjekk viralt i laksekostyme

Leonora Lysglimt-Rødland eller «Miss Norway 2025» har gått viralt etter deltakinga hennar i «Miss universe» i Thailand. Der dukka ho opp i eit laksekostyme.

NPK-NTB
Publisert

– Eg trur det vart det mest omtalte kostymet på Miss Universe i år, så eg er veldig fornøgd. Og så er eg fornøgd med at fleire har fått auga opp for norsk laks, seier 19 år gamle Leonora Lysglimt-Rødland.

Ulike utanlandske aviser og magasin som amerikanske New York Times, indiske BollywoodShaadis og spansktalande HÓLTE! har skrive om det norske laksekostymet.

New York Times meiner den norske deltakaren kan ha vorte meir omtalt enn «Miss Universe 2025» Fátima Bosch Fernández.

– Dei var heilt sjokkerte

Lysglimt-Rødland seier at det var skummelt å skulle gå opp på scena som ein laks.

Leonora Lysglimt-Rødland var kledd som laks under årets «Miss universe» skjønnheitskonkurransen i Thailand. | Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Særleg då eg stod backstage og så alle jentene hadde på seg desse flotte, store kjolane og så stod eg der som ein liten laks – det var jo litt merkeleg. Men eg tenkte at eg får berre gå ut på scena og late som eg eig heile verda, seier ho.

– Då gjorde eg nokre morosame «moves» på scena og prøvde å få publikum med, og dei vart med og byrja å juble og gispe. Dei var heilt sjokkerte, seier ho.

Då ho gjekk av scena, tenkte ho at ho hadde gjort sitt beste og ikkje skulle sjå på mobilen resten av dagen. For å unngå å sjå noko om kostymet i sosiale medium.

– Så kom ei av jentene bort og spurde om eg hadde sett på TikTok. Og då sjekka eg, og så at kostymet allereie var overalt, berre éin time etter vi hadde vore på scena.

Måtte bli laksekostyme

I skjønnheitskonkurransar er det ofte store team og sponsorar rundt deltakarane. Det var det ikkje rundt Lysglimt-Rødland. Teamet bestod av henne sjølv og designar Mayeth Sigue Codoy.

– Då Leonora ringde meg og spurde om eg ville lage kostymet, så kjende eg at vi måtte klekkje ut noko litt annleis, seier Codoy.

Derfor kom ho fram til at det måtte bli eit laksekostyme.

– Fordi laksen kan gi kraftig gjennomslag når vi dreg dit, fordi det er noko nytt og annleis, som ingen har sett før på ei slik scene. Det er også relatert til det norske samfunnet, seier ho.

Codoy meiner det er viktig å hugse på at skjønnheitskonkurransen ikkje berre handlar om utsjånaden. Men at det også handlar om å representere sitt eige land.

– Miss Universe er ei plattform der ein kan promotere næringar ein ønskjer å utvide globalt. Det er ein halv milliard som ser på kvar gong, seier ho.

Berekraftig stoff

Codoy seier at ho har fått førespurnad etter dei andre kjolane ho har designa til konkurransen, men ikkje laksedrakta.

– Dei er laga med stoff frå bananar, noko som opphavleg kjem frå Filippinane og er svært berekraftig, seier ho.

Har du fått førespurnader om å lage fleire slike drakter?

 Nei, ikkje her i Noreg i alle fall, svarer ho.

– Kanskje ein jobb med laks
Kostymet når det er lukka. | Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Vil frejme Miss Norway

Framover vil Lysglimt-Rødland, som er dottera til partileiar Hans Jørgen Lysglimt Johansen i Alliansen, jobbe for å få opna nordmenns auge for skjønnheitskonkurransar i Noreg.

– Eg er regjerande Miss Norway, så målet er jo å fremje Miss Norway her i Noreg og få fleire deltakarar, seier ho.

Ho fortel at ho akkurat har gått ut av vidaregåande, der ho tok faga entreprenørskap og marknadsføring. Dette vil ho gå vidare med.

– Men kven veit – kanskje det blir noko med laks, seier ho og smiler.