«Stranger Things»-skaparar hylla læraren sin med eiga rolle
I femte og siste sesong av Netflix-suksessen Stranger Things har skaparane gitt ei spesiell rolle til dramalæraren sin.
– High school var tøft for meg og bror min, men Hope såg noko i oss me ikkje såg i oss sjølve, skriv Ross Duffer på Instagram.
Hope Hynes Love, som speler Miss Harris i sesong 5 av Stranger Things, var dramalæraren til tvillingane Matt og Ross Duffer, som har skapt det populære universet.

Brørne Ross og Matt Duffer fotografert under verdspremieren for sesong 5 av Stranger Things. Foto: Charley Gallay/Getty Images for Netflix
Shoutout til lærar
Brørne hadde Love som lærar på Charles E. Jordan High School i Durham i den amerikanske delstaten Nord-Carolina.
High school i USA tilsvarar vidaregåande og varar i fire år, frå elevane er rundt 14–18 år.
Ross skriv at dramalæraren ikkje berre hjelpte brørne med sjølvtilliten for å koma gjennom high school, men at ho òg var viktig for at dei flytta til Los Angeles og følgde draumane sine.
View this post on Instagram
Hynes jobbar framleis som lærar, men er no på East Chapel Hill High School i Chapel Hill i same delstat.
Filmskapar Ross Duffer brukar òg høvet til å gje ein shoutout (hyllest red.anm) til alle lærarane som gjer ein forskjell.
– Og ver så snill … lat oss prioritera kunst i skulen, avsluttar Ross.






