Kollasj av Framtida via Canva. | Foto: AP Photo/Jon Super, Foto: AP Photo/Julia Demaree Nikhinson, Foto: AP Photo/Chiang Ying-ying
Framtida.no oppsummerer dei viktigaste nyheitene denne veka.
Einar Nygaard
Publisert
Demokratane tek Kongressen
Onsdag kom resultata frå mellomvalet i USA. Der blei det klart at Demokratane er valets store vinnar, med fleirtal i både Representantanes hus og Senatet.
Når Demokratane har fått fleirtal i Kongressen, mistar president Donald Trump mykje av makta si, og risikerer å bli etterforska.
Blant dei mest profilerte vala var senatorvalet i Michigan, der demokraten Abdul El-Sayed til slutt gjekk sigrande ut.
Han er på venstresida i partiet, og har skapt mykje debatt med sin kritikk av Israel og immigrasjonsmyndigheita ICE.
USA fekk òg sin fyrste opent skeive senator, fyrste kvinnelege senator med urfolksbakgrunn, og fyrste svarte kvinnelege guvernør.
Abdul El-Sayed er ein av demokratane som kunne feire etter mellomvalet denne veka. | Foto: AP Photo/Julia Demaree Nikhinson
Cyberåtak på matbutikkar
Denne veka blei frysarar og kjøleskap i svenske butikkar hacka, og stilt inn til høge temperaturar. Det melder E24.
Åtaka liknar cyberåtak mot franske butikkar i midten av oktober. Det skal òg ha vore liknande hendingar andre stader i Europa.
Ein datatryggingsekspert seier til E24 at åtaka antakeleg skjedde fordi frysarane og kjøleskapa var kopla på internett, og ikkje hadde ny nok sikkerheitsoppdatering.
I Noreg har nokon stadar opplevd likande hendingar, mellom anna varehuset Havaristen, der ein fryser kan ha vorte hacka.
Frysevarar måtte kastast etter kjøle- og fryseskap blei hacka i Sverige. | Foto: Johan Nilsson/TT News Agency via AP
Hongkong-aktivist fengsla i ti år til
Aktivisten Joshua Wong er dømt til ti år i fengsel i Hongkong, skriv Aftenposten. Han har erkjent straffskuld.
Wong, som har vore ein viktig del av demokratirørsla i landet, har no blitt dømt for å ha konspirert med utanlandske krefter.
Det er ulovleg, etter landets strenge tryggingslov. Wong soner allereie ein dom på fire år og åtte månader for eit brot på ei anna tryggingslov.
USA har gått ut mot dommen, og seier Wong sit urettmessig fengsla. Dei meiner det viser Kinas vilje til å stille røystene til dei som krev grunnleggjande fridom i Hongkong.
30 år gamle Joshua Wong har sete i fengsel sidan november 2020. | Foto: AP Photo/Chiang Ying-ying
Høiby framleis varetektsfengsla
Marius Borg Høiby sit varetektsfengsla med fotlenke i kongeparets residens på Skaugum. Han har kravd seg lauslaten, og fekk denne veka medhald i tingretten.
Den avgjerda blei anka av påtalemakta til lagmannsretten, som no slår fast at Høiby likevel ikkje kan sleppe varetekt. Det skriv VG.
Lagmannsretten seier det framleis er sannsynleg at Høiby vil gjere seg skuldig i nye straffbare handlingar om han blir lauslaten.
Høiby testa positivt på ein rustest under varetektsfengslinga. Det skal vere snakk om alkohol. Dette blei avgjerande for avgjerda til Lagmannsretten.
Marius Borg Høiby må halde fram å bu med fotlenke på Skaugum. | Foto: Christoffer Andersen / POOL / NTB
Ny helsereform
Måndag denne veka la Helsereformutvalet fram forslag til den største helsereforma på 25 år, skriv NRK.
Utvalet har kome med ei anbefaling til korleis Helse-Noreg skal organiserast i framtida, og foreslår store endringar.
Dei meiner dei største utfordringane i åra som kjem, blir eldrebølga, fleire kronisk sjuke og for liten vekst i folk som kan jobbe.
Blant forslaga dei kjem med er å slå saman små kommunar, og å leggje ned regionale helseføretak og la staten ta eigarskap over dei.
Gunnar Bovim er leiar i Helsereformutvalet. | Foto: Stian Lysberg Solum/NTB
Vekas snakkis: Heime etter 28 år
Karl Bushby (57) frå den engelske byen Hull kan endeleg gi mora ein klem, etter å ha gått heile vegen frå Chile til England. Det skriv NRK.
Bushby starta å gå i 1998, og har med nokre få mellomstopp gått samanhengande gjennom fire kontinent og 30 land.
Når han no kjem heim igjen til England, får han møte sitt tolv år gamle barnebarn for fyrste gong.
Bushby seier det er rart å kome tilbake til eit samfunn han ikkje kjenner lenger.
Her er Bushby nesten framme, trillande på den sjølvlaga tralla si. | Foto: AP Photo/Jon Super
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.