Botan (33) er eigedomsmeklar: – Det er survival of the fittest
Det er mykje jobbing, og færre feite bilar og dyre klokker enn mange trur i meklarbransjen, fortel Botan Abubaker.
– Viss du skulle selt bilen din, kunne du gått til forhandlaren din. Jobben min er litt som ein bilseljar, bortsett frå at bilen din kostar to-tre hundretusen, medan ein bustad i Oslo kostar fire-fem millionar.
Det seier Botan Abubaker (33) på telefon til Framtida.no. Han er eigedomsmeklar og avdelingsleiar i EiendomsMegler 1 Østlandet ved Økern portal i Oslo. Den siste tida har ein også kunne sjå han i TVNorge sin serie «Beliggenhet, Beliggenhet, Beliggenhet».
Botan Abubaker
Alder: 33 år
Frå: Son
Yrke: Eigedomsmeklar i Eiendomsmegler 1
Utdanning: Bachelorgrad i eiendomsmegling, jus og økonomi ved BI
Abubaker meiner meklaryrket er meir enn berre dei juridiske og tekniske detaljane.
– Alle kan skrive ei salsoppgåve og ein Finn-annonse. Det hadde også du klart å gjere etter to veker på mitt kontor, seier han.
Han meiner det er råda og tipsa dei kan gi til kundane som er avgjerande.
– Det er mykje viktigare, synest eg, og det er det eg synest er veldig gøy.
Dei fleste får jobb
Botan Abubaker tok ein bachelor i eigedomsmekling ved BI. Det gav han ei innføring i lovverket ein må kunne som eigedomsmeklar. Under utdanninga starta han som trainee, ein lønna assistent på eit meklarkontor, rundt to dagar i veka. Slik fekk han mykje arbeidserfaring.
Ei trainee-stilling er likevel ikkje naudsynt for å kome inn i bransjen.
Ifølgje meklaren er det alltid behov for flinke og gode meklarar, og ingen i Oslo seier nei til ein god kandidat.
– Dei fleste får jobb, spørsmålet er om ein klarer å overleve. Det er survival of the fittest der ute når det kjem til mekling.
Etter utdanninga var ferdig, var han eigedomsfullmektig i to år, som vil seie at han var under tilsyn frå ein annan meklar, før han fekk meklarbrevet sitt.
– Då skal du ta kurs, eller oppgjer, før du får eigedomsmeklartittelen.
Med tittelen på plass starta han som meklar i heimbyen Son i Akershus i halvtanna år.
– Då eg bytte til Oslo var det mykje meir konkurranse, men eg syntest det var mykje meir morosamt også.
@tvnorge @Anny Isabella får seg en reality check 😱 #beliggenhetbeliggenhet #tvnorge ♬ original sound – TVNorge
I storbyen var marknaden større, bustadene vart selde fortare, men det var også fleire om beinet.
Må oppsøke kundar
– Eg trur at som ein ung person, veit ein aldri kva ein seier ja takk til når ein går ut i eit studium og utdannar seg til eit spesifikt yrke. Kvardagen såg litt annleis ut enn eg hadde sett for meg, men ikkje så mykje. Det var litt vanskelegare enn eg hadde sett for meg.
Samstundes er Abubaker tydeleg på at yrket har endra seg sidan han starta som trainee for nesten ti år sidan.
– Meklarar for 10–15 år sidan fekk oppdrag ved at folk kom på kontordøra når dei skulle selje ein bustad, men no er det motsett. Veldig mange meklarar må jage sjølv for å få inn oppdrag, så ein jobbar godt og hardt for lønna si i denne bransjen.
Å møte folk er nettopp det han likar med jobben. Då han var yngre tenkte han på å bli lærar.
– Det at det vart mekling er litt tilfeldig, men eg angrar ikkje eit sekund. Det er jo det morosamaste yrket eg veit om akkurat no.
Vanleg arbeidsdag
Meklaren trekker fram den fleksible kvardagen som eit pluss.
– Du kan legge opp til eit løp som passar deg.
Kvardagen kan variere, men generelt er det bodrunde på måndagar, kundemøte skjer ofte på kvelden, og det blir mange telefonsamtaler han må ta eller e-postar som han må svare på i løpet av ein dag.
– Det er også veldig sesongbasert. Det er mykje rolegare for oss i november og desember enn det er i januar og nesten heile første halvåret. Eg har vore i Forsvaret, så eg plar å seie at ein god meklar kviler når han kan han også.
Innan april har han forhåpentlegvis kvilt seg ferdig, for tempoet blir raskare frå då og ut til juni.
– Ein sel på dei tre månadane nesten like mykje som ein sel tredje og fjerde kvartal. Ikkje heilt, men nesten. Så jobb når du kan og kvil når du kan.
Når det unntaksvis er lange dagar, kan han vere på treningssenteret klokka sju om morgonen, og heime klokka ti om kvelden.
– Ein må vere litt strukturert, så om ein først har ein lang arbeidsdag vil eg ikkje ha tre lange arbeidsdagar til klokka sju-åtte, då vel eg heller å køyre ein veldig lang arbeidsdag, også slutte mykje tidlegare dei andre dagane.
Eit salsyrke
– Førebudde utdanninga deg til yrket?
– Litt? Det er litt annleis. Mekling er mykje meir sal.
Abubaker meiner det er viktig å kunne den grunnleggande jussen, men meiner også ein meklar er godt beskytta av både lovverket og kompetansen til dei andre som jobbar på kontoret. Det hjelper også at han har hatt ein flink fagsjef som er oppteken av at det skal gjerast rett første gongen.
– Kva er det beste med jobben?
– For meg så er det menneska og fleksibiliteten, og å hjelpe folk. Eg veit det høyrest litt rart ut, men det er veldig ofte vi er i situasjonar der folk er langt nede, eller der det er vanskelege situasjonar for folk økonomisk.
Det å då kunne kome inn og vere ein støttespelar, for så å få eit godt sal, er veldig givande. I dei høva blir valet ein meklar tek etter å ha prata taktikk og strategi med kunden sin veldig synleg.
– Eg er veldig glad i strategispel, så då synest eg der er gøy at dei små endringane eg gjer har ein effekt.
Han likar også at dei blir ein samansveisa gjeng på kontoret. Sjølv om meklarbransjen er stor i Oslo, er det sjeldan dei er meir enn fem til ti stykk på eit kontor.
Må overleve i tre år
Den mest utfordrande delen av bransjen meiner han er dei første åra som meklar, når du skal prøve å etablere deg sjølv og skaffe eit kundenettverk.
– Det er difor veldig mange ikkje overlever før dei kjem inn i tredje året, men knekker du den koden, så er det mykje enklare, og då tener ein vanvitig godt.
Mange unge meiner han kan misforstå korleis bransjen fungerer, og ha eit bilete i hovudet sitt av meklarar som køyrer i feite bilar, går i dress og har kule klokker.
– Men det er dessverre ikkje sånn. Eg har det i alle fall ikkje slik. Det er mange arbeidstimar, og ein må jobbe hardt for det. Eg seier ikkje det for å skremme folk, det handlar om å avklare forventingane til kva du kjem til.
Andre fordommar trur han er at meklarar berre tenker på seg sjølv, og ikkje på bustadsalet.
– Det kan eg ofte lese i Facebook-kommentarar, at meklaren set lågast mogleg pris for å få selt raskast mogleg, det er liksom ikkje sånn det fungerer.
Han trur dei aller fleste gjer sitt beste for kunden, men at dei nokre gonger kjem med vurderingar som ikkje treffer.
– Det er jo ei tolking av situasjonen og marknaden til kvar ei tid for oss meklarar også. Bustadmarknaden har blitt veldig ferskvare, der det kan gå bra i seks-åtte veker, så roar det seg ned i seks-åtte veker.
Forklaringa på kvifor marknaden er slik er ikkje godt å svare på, så då meiner han det er viktig å finne ein meklar du har tillit til og kan stole på, så kan ein leggje ein god plan saman for å selje.
Er heime hjå alle typar folk
Éin ting kan Botan Abubaker forsikre dei som skal selje bustaden sin: Ikkje ver redd for å vise fram ein rotete heim.
– Stort sett har vi meklarar vore heime hjå ein vi hugsar. Eg var ein gong heime hjå ein som samla på ting, og då var det ting i stova, på kjøkkenet, på badet, overalt.
Heimen var i grenseland til ein hoarder-situasjon, med stablar på halvannan meter, og noko av det mest utrulege han har vore borti på jobb.
– Men det gjekk jo fint der også.
Bustaden vart seld til ein god pris, og i dag kan småbarnsfaren forsikre foreldre om at dei ikkje treng å bekymre seg for litt rot på første heimebesøk.
Må jobbe for lønna
– Kven passar yrket for?
– Det passar for alle som har lyst til å legge inn ein innsats. Det er ikkje slik at dei beste meklarane er dei som pratar mest og høgast. Det er den som er strukturert som skjønnar seg på yrket.
Det er noko av det han synest er gøy med mekling.
– Du kan sjølv bestemme kva du skal tene neste år og året etter. Ein meklar kan fritt velje mellom om han vil tene 800 000 eller 1,2 millionar kroner, det handlar om småjusteringar og litt meir jobb.
Likevel kan det vere ein fordel om du veit kvar du kan passe best.
– Eg prøver i alle fall å rekruttere folk til Økern-kontoret mitt som speglar kundegruppene vi har, men vi er seks-sju forskjellige personlegdommar på kontoret vårt.
Botan Abubaker er usikker på om han kjem til å halde på som meklar til han blir pensjonist, men han har ambisjonane klare for dei neste åra.
– Eg er veldig oppteken av at ein skal utvikle seg og bli ein litt betre versjon av seg sjølv, og at ein gjer det litt betre år etter år.
Les fleire Yrket mitt-saker:








