Yrket mitt: Hanna (27) er Nav-rådgjevar

Ho likar å snu opp ned på Nav-fordommar når ho møter brukarar.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg syntest det var svært utfordrande å finne ut kva eg skulle bli og kva utdanning eg skulle ta. Eg hadde ikkje ein bestemt jobb i tankane då eg skulle velje utdanning.

Det skriv Hanna Kvamme på e-post til Framtida.no. Ho er rettleiar og marknadskontakt i Nav i region Voss/Hardanger.

– Det var eigentleg litt tilfeldig. Eg var nyutdanna og søkte på alle jobbar som eg syntest var interessante og som var relevante i forhold til utdanninga mi. Eg fekk fyrst napp hjå Nav og eg er veldig glad for det!

 

Hanna Kvamme

Alder: 27 år

Frå: Voss

Yrke: Rådgjevar i Nav

Utdanning: Bachelor i pedagogikk

 

Ville jobbe med menneske

Kvamme byrja i Nav i eit engasjement hausten 2020 for å hjelpe til med det store trykket under koronapandemien. Ho gjekk over i ei fast stilling som rådgjevar i 2021, og har arbeida med forskjellige fagområde, som oppfølging av folk med sjukefråvær og dei som får arbeidsavklaringspengar (AAP).

No er ho i eit marknadsteam som følgjer opp arbeidssøkjarar og har kontakt med arbeidsgjevarar.

Hanna Kvamme arbeider som Nav-rådgjevar på Voss. | Foto: Privat

– Det einaste eg visste, var at eg ønskte å jobbe med menneske. Eg har alltid vore fascinert av menneskets åtferd, korleis vi lærer, og kva som motiverer oss. Derfor valde eg å ta ein bachelor i pedagogikk med fleire emne innan psykologifag.

Utdanninga er relevant for alle yrke der ein arbeider med menneske, meiner Kvamme. Ho ser på gode kommunikasjonsferdigheiter som avgjerande for å bygge gode relasjonar og gje god rettleiing.

– Å kunne ha gode samtalar, vise anerkjenning, empati og forståing er viktig når ein arbeider med menneske i tøffe livssituasjonar, skriv ho.

– Utdanninga har gitt meg innsikt i korleis menneske utviklar seg gjennom ulike fasar i livet. Dette er nyttig for å forstå behova og utfordringane som oppstår på ulike stadium.

Kunnskap om psykologiske behov og kva som motiverer menneske, er veldig verdifullt i jobben, skriv ho.

Variert arbeidsdag

På ein vanleg arbeidsdag går mesteparten av tida til oppfølging, rettleiing og rådgjeving. Kvamme snakkar med både arbeidsgjevarar og dei ho følgjer opp, og leiter etter kandidatar til interne stillingar i Nav. I tillegg vurderer ho tiltak som hjelper arbeidssøkjarar å kome i arbeid.

– Eg må halde meg oppdatert på endringar og sørge for at eg gjev korrekt informasjon. Samarbeid med andre instansar er også ein viktig del av jobben.

Ein del av arbeidsdagen går også med til interne møte og kompetanseheving.

– Når vi skal arrangere jobbmesse, ser arbeidsdagane plutseleg heilt annleis ut. Då er det mykje planlegging og førebuingar. Nyleg hadde vi ei stor yrkes-, utdannings- og jobbmesse her på Voss, med mange utstillarar. Det var svært givande å sjå noko vi har arbeidd lenge med lykkast.

Å vere Nav-rådgjevar meiner Kvamme passar for dei som ønskjer å hjelpe menneske og å vere ei støtte i vanskelege livssituasjonar.

Mykje av jobben skjer framfor ein dataskjerm. | Foto: Privat

– Du må vere fleksibel og tilpassingsdyktig, og dessutan kunne handtere endringar og omstillingar. Gode samarbeidsevner er òg viktig.

Vil hjelpe på best mogleg måte

Å jobbe i Nav kan vere utfordrande, spesielt det å handtere vanskelege saker og menneske i tøffe situasjonar.

– Å hjelpe folk i vanskelege livssituasjonar krev mykje emosjonelt. Det er også utfordrande å balansere mellom regelverk og brukars ynskje og behov. Vi skal forvalte eit regelverk, men samtidig møte brukars forventningar.

Kvamme har ikkje alltid moglegheit til å følgje opp så tett som ho kunne ynskje, på grunn av høgt arbeidspress og manglande ressursar.

– Ei vanleg misoppfatning om yrket mitt er at vi som arbeider i Nav ynskjer å gjere ting vanskeleg og at Nav-tilsette er lite hjelpsame. Sanninga er at mine kollegaer jobbar hardt og strekker seg langt for å hjelpe på best mogleg måte. Eg trur mange ville syntest det var interessant å sjå korleis vi i Nav arbeider, og eg trur dei fleste ville bli positivt overraska.

– Kva forventningar hadde du til yrket?

– Det som overraska meg var kor stort Nav var. Eg har arbeidd i Nav i over fire år og eg har framleis ikkje heilt oversikt.

Jobbar sjølvstendig og med andre

For Kvamme er det beste med jobben å kunne hjelpe folk i ulike situasjonar.

– Eg elskar å bygge gode relasjonar med dei menneska eg arbeider med, slik at vi saman vert eit team som jobbar mot eit felles mål. Når vi når det målet, er det ein fantastisk følelse! Det kjennest meiningsfylt å kunne hjelpe andre.

Ho set også pris på at ho lærer mykje i jobben sin, som er ein god motivasjon til å utvikle seg. Arbeidskvardagen er variert, med både sjølvstendig arbeid, og arbeid i team.

– Eg opplever stor grad av autonomi i korleis eg set opp arbeidsdagane mine. Samtidig er det veldig godt å vere ein del av eit team der vi kan drøfte saker og få gode råd.

Hanna Kvamme set pris på dei forskjellige menneskemøta ho har i jobben sin. | Foto: Privat

I jobben har ho hatt mange utrulege menneskemøte, og høyrd inspirerande historier om personar som kjem seg ut av vanskelege situasjonar.

– Noko som stikk seg ut er når personar kjem til Nav med store fordommar og eit «hat» mot Nav, og endar opp med å snu heilt om og uttrykke ekstrem takknemlegheit for arbeidet vårt. Det synest eg er veldig kjekt!

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg drøymer om eit samfunn som er meir opptatt av fellesskap. Eit betre og meir inkluderande samfunn, der vi fokuserer på å hjelpe kvarandre og oppnå det beste for alle. Eit samfunn der alle er vinnarar.