Dei aller fleste får ei lita skattelette på inntekta si. Letta blir på mellom 200 og 2000 kroner, avhengig av kor mykje du tener. Folk som tener under 177 600 kroner i året må derimot betale 200 kroner meir i skatt.
Formuesskatten står, men botnfrådraget før du treng å betale skatt, aukar frå 1,76 millionar kroner til 1,9 millionar kroner.
Arbeidarpartiet treng å få med seg både Senterpartiet, MDG, SV og Raudt dersom dei skal få fleirtal til å vedta budsjettet i Stortinget. Statsbudsjettet blir vanlegvis vedteke før jul.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) presenterer innhaldet i statsbudsjettet under ein pressekonferanse. | Foto: Gorm Kallestad / NTB
Donald Trump stadfesta onsdag at han har gitt den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA løyve til å operere skjult i Venezuela, ifølgje Reuters.
President Trump seier sjølv at grunnen til avgjerda er innvandring til USA frå Venezuela, og sal av narkotika frå regionen.
The New York Times skal ha fått tilgang på hemmelege dokument som seier at målet til Trump-administrasjonen er å avsette den noverande presidenten i Venezuela, Nicolás Maduro.
Styresmaktene i Venezuela har sagt at dette er eit brot på internasjonalt lovverk, og dei har teke det opp med Tryggingsrådet i FN.
President Nicolas Maduro i Caracas i Venezuela den 12. oktober. | Foto: AP Photo/Ariana Cubillos
Utveksling av gissel og fangar mellom Hamas og Israel
Denne veka vart første del av Trump sin avtale om fred i Gaza sett i gang.
Frå måndag var det våpenkvile, med utveksling av gissel og fangar. Ifølgje VG skal Israel ha sleppt fri 1968 palestinske fangar, og Hamas skal ha sleppt fri dei attlevande israelske gissela.
Det må forhandlast vidare mellom partane for å få til ein varig fred i regionen.
Slektningar og venar av gisselet Mohammad Alatrash ber kista i gravferda hans 16. oktober i sørlege Israel. | Foto: AP Photo/Francisco Seco
Demonstrantar og hæren på Madagaskar kastar presidenten
Presidenten på Madagaskar har flykta frå landet etter store demonstrasjonar i hovudstaden Antananarivo, ifølgje NRK. I tre veker har innbyggjarane protestert mot at dei manglar grunnleggande tenester som straum og vatn.
Minst 22 personar har mista livet i det som utvikla seg til valdelege protestar.
Militærtroppen CAPSAT skulle få kontroll på situasjonen førre helg, men søndag snudde dei og byrja å hjelpe demonstrantane.
President Andry Rajoelina meinte det var starten på eit kuppforsøk, og vart evakuert til Dubai ved hjelp av Frankrike. Rajoelina kom til makta i 2009 gjennom eit kupp.
CAPSAT-troppar på veg til presidentpalasset for å kunngjere at dei væpna styrkane tar kontroll over landet tysdag 14. oktober 2025. | Foto: AP Photo/ Brian Inganga
Noreg ligg dårleg an for å nå klimamåla
Onsdag la regjeringa fram Grøn bok, som kjem saman med statsbudsjettet. Det er ei utgreiing av Noreg sine klimautslepp og korleis vi ligg an til å nå klimamåla våre.
Ifølgje Nettavisen kjem Noreg til å sleppe ut 13,3 millionar tonn meir CO₂ innan 2030 enn det vi har lova EU.
Gapet mellom lovnaden og det faktiske talet har auka med 7,9 millionar tonn CO₂ sidan i fjor.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og energiminister Terje Aasland før finansminister Jens Stoltenberg heldt finanstalen i Stortinget 15. oktober. | Foto: Lise Åserud / NTB
✨Lyspunkt✨: Den norske kyrkja seier unnskyld til skeive
I går sa Den norske kyrkja offisielt unnskyld for den skamma, smerta og skaden dei har påført skeive. Det var Olav Fykse Tveit, den leiande biskopen, som talte for kyrkja.
Tveit takka også dei som har bidrege for å få til endring. Talen vart halden på London Pub i Oslo.
Organisasjonane Skeivt Kristent Nettverk, Profesjonsforbundet Spir og Foreningen Fri var til stades og poengterte at det var ein viktig augneblink, og at det pliktar kyrkja til å ta vare på skeive i framtida.
Olav Fykse Tveit, Den norske kyrkas leiande biskop, saman med fleire biskopar i regnbogegata utanfor London Pub, der han kom med ei unnskyldning til skeive på vegner av kyrkja. | Foto: Javad Parsa / NTB
Har du fått med deg desse sakene frå veka som gjekk?
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.