Denne veka møtte den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj amerikanske Steve Witkoff i Oslo, skriv NRK. Witkoff har fått ansvar frå president Donald Trump for å hjelpe med fredsmeklinga mellom Ukraina og Russland.
Statsminister Jonas Gahr Støre og den finske presidenten Alexander Stubb var også til stades under møtet i Oslo.
Witkoff møtte også den russiske presidenten Vladimir Putin i St. Petersburg for å orientere om kva som vart diskutert på møtet i Oslo.
Støre omtalar det som eit viktig steg i rett retning, og at russarane ser etter fleire moglegheiter for diplomati.
Volodymyr Zelenskyj og Jonas Gahr Støre på ein felles pressekonferanse tysdag 20. oktober. | Foto: Martin Lerberg Fossum / Statsministerens kontor
Valdelege opptøyar i Frankrike
Det er no ulovleg å demonstrere i fleire delar av Paris, ifølgje NTB. Styresmaktene har også innført portforbod fleire stader i hovudstaden og i andre byar i Frankrike.
Det skjer etter 2400 personar vart arresterte førre helg, og fredelege demonstrasjonar utvikla seg til opptøyar i delar av landet, inkludert plyndring i blant anna Paris, Marseille, Lyon og Bordeaux. Fleire hundre har blitt skadde i samanstøytane, og eit rådhus frå 1800-talet vart tent på i Limoges.
Demonstrasjonane vart starta av elevar ved vidaregåande skular som ønsker betre vilkår ved skulane sine, men rørsla har vakse og utvikla seg til å også handle om offentlege tilbod og høge levekostnader.
Presidenten i landet, Emmanuel Macron, har kritisert utanlandske leiarar som har omtalt demonstrasjonane, og meiner dei har drive valkamp på Frankrike sin kostnad.
Det skal vere presidentval i Frankrike våren 2027. Det var venta at demonstrasjonane og opptøyane kom til å påverke meiningsmålingane, men førebels ser det ut som støtta til ytre høgre- og ytre venstre-kandidatane er uendra, ifølgje den siste målinga frå Politico.
Ein demonstrant med det franske flagget rundt seg står framfor eit brennande turistkontor laurdag 17. oktober i Lyon. | Foto: AP Photo/Laurent Cipriani
Roblox utgjer ein stor risiko for unge ifølgje ny rapport
Spelplattforma Roblox utset barn og unge for massivt kommersielt press, ifølgje ein ny rapport som Medietilsynet lanserte torsdag.
I tillegg har fleire av spela mekanismar som gjer det vanskeleg å avslutte spelinga, og det er mogleg å kome i kontakt med ukjente.
Roblox blir brukt av rundt 80 prosent av barn mellom 9 og 12 år, som gjer det til ei større plattform enn både YouTube, Snapchat og TikTok blant dei yngste på nettet.
Ein kan spele mange forskjellige spel på spelplattforma Roblox. Ifølgje ein rapport kan plattforma utsette barn for kjøpepress. | Foto: Onur Binay via Unsplash
Demonstrasjonar i Serbia før valet
I Serbia har det vore ein massiv kampanje frå studentar som kallar seg sjølv «Studentska lista», eller studentlista, som har demonstrert mot den sitjande regjeringa før valet på søndag.
Dei har vore ein del av dei omfattande demonstrasjonane frå dei to siste åra, og no har dei fleire kandidatar til parlamentsvalet, ifølgje The Guardian.
Aleksandar Vučić har hatt makta i landet i tolv år, først som statsminister i 2014 til 2017, så som president fram til han gjekk av førre månad. Han planlegg å bli statsminister att etter det komande valet.
Vučić har hatt ein nasjonalistisk politikk og vore nære den tidlegare presidenten i Ungarn, Viktor Orban, som mista makta i valet i vår.
Målingane før Vučić gjekk av som president viste at det var større støtte til studentlista, og det kan bli eit tett løp i valet søndag.
Studentar med eit banner der det står «Studentlista – studentar vinn!» i Beograd i Serbia. | Foto: AP Photo/Armin Durgut
300 døde i droneåtak i Sudan
300 personar skal vere drepne i to droneåtak i Sudan, ifølgje BBC. Åtaka skjedde i regionen Vest-Kurdufan, og fleire av dei drepne skal ha vore ein del av ei gravferd.
Den sudanske hæren blir skulda for åtaket.
Det har vore konflikt mellom den sudanske hæren og den paramilitære gruppa RSF sidan 2023. Krigen blir omtala som den verste humanitære krisa i verda, har drepe fleire hundretusen, og drive 14 millionar menneske på flukt.
Den siste tida har det blitt vanlegare å bruke dronar i åtaka, inkludert i område som skal vere våpenfrie soner.
Åtaka har skjedd i Vest-Kurdufan (marker i blått) i Sudan. | Illustrasjon laga via datawrapper.
Lyspunkt: Nordisk råds pris gjekk til norske vinnarar i alle kategoriar
Tysdag varsla Nordisk råd kven som hadde vunne dei forskjellige priskategoriane deira, og i år er alle norske.
Litteraturprisen går til Sigbjørn Skåden for boka Planterhaug, Láŋtdievvá på tornesamisk. Boka er også nominert til Brageprisen, og det er andre gong ein samisk forfattar vinn prisen.
Musikkprisen går til verket Elja av Kristine Tjøgersen og Benedicte Maurseth. Verket er framført av ein strykekvintett på spesialbygde hardinginstrument.
Filmprisen går til filmen Affeksjonsverdi, regissert av Joachim Trier, som også har vunne fleire andre internasjonale prisar. Barne- og ungdomslitteraturprisen går til ungdomsromanen Du eneste – historia om Gunvor Hofmo og Ruth Maier av Hilde Hagerup. Romanen har også vunne Brageprisen.
Miljøprisen går til Miljøagentane, ein miljøorganisasjon for barn som har jobba for natur og miljø i over 30.
Miljøagentane vann miljøpris for sitt viktige arbeid som inkluderer barn og unge. | Foto: Mijløagentane
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.