Indonesia kjempar mot dei verste skogbrannane på eit tiår som følge av klimaendringane. Det melder BBC.
Skogbrannane har herja i meir enn ein månad, og har spreidd ein giftig, gul røyk over store delar av landet og nabolanda.
No eksperimenterer myndigheitene med måtar å overvinne røyken på. Mellom anna forsøker dei å nytte tørris til å bryte ned røyken.
Totalt i år har nesten 900 000 hektar skog brunne ned. Det tilsvarer eit område litt mindre enn Kypros.
Slik såg tåkelaget ut tidlegare i haust. Det har no blitt endå kraftigare. | Foto: AP Photo/Tatan Syuflana
Store demonstrasjonar i Albania
Det har vore store studentdemonstrasjonar i Albania, skriv NRK. Utdanningsdepartementet og to bankar er sett i brann.
Fleire stader har det vore gatekampar mellom demonstrantar og politiet, som har nytta tåregass og vasskanonar mot demonstrantane.
«Flamingo-revolusjonen», som han blir kalla, begynte i mai i år som ein reaksjon på korrupsjon i landet, men har no utvida seg til å handle om studieforhold og billigare utdanning.
No har opptøyane eskalert, og dei siste dagane er dei valdelegaste til no.
Studentane og politiet barka saman i Albania tysdag denne veka. | Foto: AP Photo/Hameraldi Agolli
Starlink set stoppar for ukrainske dronar
Starlink, satellitt-tenesta til Elon Musk sitt selskap SpaceX, har avgrensa kor fort noko kan reise og framleis ha internett-tilgang. Det skriv Nettavisen.
Avgrensinga betyr at alt raskare enn 160 km/t ikkje får internett. Fordi Ukraina nytter Starlink til å styre dronar, blir dei i praksis ubrukelege av avgrensinga. Endringa skal ikkje vere varsla.
Elon Musk seier det er USA sin president som har kontroll på den militære versjonen av Starlink.
Ein ukrainsk rådgjevar meiner avgrensinga skjer fordi Donald Trump vil ha stans i alle angrep på energisektoren.
Bensinprisane i USA er for tida rekordhøge før mellomvalet seinare i vinter.
Elon Musk er eigar av SpaceX, her på ein konferanse om satelittar. | Foto: AP Photo/Susan Walsh/File
Ungarn skrinlegg anti-lhbt-lov
Tysdag denne veka endra Ungarn ei lov som avgrensa skeive sine rettar, skriv Deutsche Welle. Lova blei innført i 2021, av den dåverande presidenten Viktor Orban.
«Barnebeskyttingslova» avgrensa korleis ein kunne framstille eller «promotere» seksualitets- og kjønnsmangfald i innhald tilgjengeleg for barn.
Alle bøker som braut med lova måtte seljast i svarte plastsekkar med åtvaringar. Lova fekk kritikk for å jamstille homofili og overgrep mot barn.
Dei største delane av lova er no fjerna. No er berre valdeleg eller seksuelt eksplisitt materiale omfatta.
Ungarn har tidlegare blitt leia av nasjonalistiske Victor Orban, som innførte fleire lover som begrensa skeive sine rettar. | Foto: Robert Hegedus/MTI via AP/File
«Gjerdremutvalet» vil endre oljefondet sitt etikkråd
Torsdag morgon leverte eit utval ein rapport om kva som bør vere Etikkrådet si rolle i oljefondet, skriv E24. Utvalet, leia av Svein Gjerdrem, foreslår å gi Etikkrådet mindre makt.
Då Etikkrådet blei sett på pause i fjor haust, mista dei midlertidig retten til å foreslå å utelukke selskap frå oljefondet. Den retten foreslår utvalet no at går over til Noregs Bank.
Ei anna endring, er at utvalet opnar for at Noreg kan investere i atomvåpen og militært utstyr.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) har tidlegare sagt det er eit paradoks at oljefondet ikkje kan vere investert i våpenselskap som leverer våpen til Noreg.
SV, MDG og Raudt går hardt ut mot forslaget til utvalet om å opne for investeringar i våpen. Høgre meiner det er positivt med eit oljefond som ikkje er «politisert».
– Det er i det minste litt rart, eller eit paradoks, at selskap som leverer våpen som Noreg er avhengig av, er selskap vi ikkje kan vere investert i, sa Jens Stoltenberg til VG i oktober i fjor. | Foto: Heiko Junge/NTB
Lyspunkt: Bleiking av korallar kan reverserast
Forskarar ved universitetet Stanford har oppdaga at det er mogleg å reversere bleiking av korallar.
Korallar skyver ut nyttige algar om det blir for varmt i vatnet rundt dei. Denne prosessen gjer at dei blir kvite, og etter kvart døyr.
No har forskarane oppdaga at om ein set dei kvite korallane inntil ein klon av seg sjølv, smeltar dei to saman til éin frisk korall.
Prosessen tek nokre veker, og kan vere ein måte å redde korallrev som er i ferd med å døy på grunn av klimaendringane.
Bleika korall kan reverserast. | Foto: Naja Bertolt Jensen via Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.