Studiestøtta aukar med 2,1 prosent neste år: – Skuffande
Både Norsk studentorganisasjon og Organisasjonen for Norske Fagskolestudenter krev ei betre støtteordning for studentar.

– Det er utruleg skuffande for landets studentar.
Det seier Sigve Næss Røtvold, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), på telefon til Framtida.no.
– Vi får 300 kroner ekstra i månaden til neste år, og med eit studentbudsjett som går 5400 kroner i minus kvar månad, så held ikkje det.
Mindre enn prisvekst
Regjeringa føreslår å justere satsane for lån og stipend for studentar med 2,1 prosent frå studieåret 2026–2027. I forslaget poengterer regjeringa også at dei vil setje ned eit offentleg utval som skal ta ein heilskapleg gjennomgang av studielån og stipend.
NSO har i lang tid kravd at studiestøtta må knytast til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, også kalla G.
Stortinget vedtok i mai eit Arbeidarparti-forslag om å knyte studiestøtta til grunnbeløpet i løpet av denne stortingsperioden.
Går ut over helse
Organisasjonen for Norske Fagskolestudenter (ONF) er også misnøgde med at auken i støtta er lågare enn prisveksten i fjor.
– Vi veit at læring, trivsel og helse heng tett saman med studentøkonomien. For lange arbeidsveker, stress og økonomiske bekymringar går ut over helsa, seier leiar for fagskulestudentane, Ingrid Marie Aarre.
Dei krev at støtta må knytast til grunnbeløpet og aukast til 1,5 G straks, med ein tydeleg opptrappingsplan til 2 G i løpet av perioden.
– No blir det opp til Stortinget å sørgje for at studiestøtta blir løfta til eit nivå som gir studentane rom til både å lære og ta vare på eiga fysisk og psykisk helse, seier Aarre.
Også Røtvold oppmodar SV, MDG, Raudt og Senterpartiet til å prioritere studiestøtta når dei forhandlar.
– No har vi hatt momentum lenge, og då håpar vi at desse busjettpartnarane bidrar med dette i budsjettforhandlingane.
Bygger færre studentbustader
I forslaget blir det også justert ned kor mykje støtte samskipnadane skal få for å bygge studentbustader.
Det blir justert ned frå 3050 studenthyblar til 2000 i 2026.
– Det er utruleg trist, all den tid vi veit at vi manglar studentbustader, seier Røtvold i NSO.
Dersom ein tek utgangspunkt i at kvar femte student skal ha tilgang på ein studentbustad, manglar vi 14 000 bustader i landet, ifølgje NSO.
Ifølgje statsbudsjettet skal denne nedjusteringa vere mellombels, og kome tilbake til tidlegare nivå i 2027.
Grunngjevinga er at studensamskipnadane har avgrensa kapasitet til å setje i gang fleire nye byggeprosjekt i det komande året.