Mållagsleiar sakna nynorsk naudvarsel

Naudvarselet som vart sendt ut til mobiltelefonar i heile Noreg på onsdag kom på bokmål og engelsk, men ikkje nynorsk. Det skuffar leiaren i Noregs Mållag.

Edvard Storm Simonsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mobiltelefonar over heile Noreg peip og vibrerte onsdag klokka 12 for å teste at Sivilforsvaret sitt nye naudvarslingssystem fungerer. Varselet kom på både bokmål og engelsk, men ikkje nynorsk.

Det er leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, ikkje fornøgd med.

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag. Foto: Tuva Maria Åserud

«Snakk om krasjlanding. Kva er vitsen med slike varsel om det berre er enno eit utslag av det statlege bokmålsveldet. Nokon må gå.», skreiv nynorsk-leiaren på Twitter.

Til Dagbladet seier han at det vart sagt med glimt i auget, men at det samtidig er eit underliggande alvor.

– Eg forventar at styresmaktene får på plass ei naudvarsling på både bokmål og nynorsk, seier mållagsleiaren.

Kanskje neste gong

Seniorrådgjevar i Direktorat for samfunnssikkerheit og beredskap, Henriette Magnussen seier til Dagbladet at dei ville ha ei lesarvennleg og tydeleg melding, og derfor ikkje ville ha for mykje tekst. Derfor brukte dei berre ei målform. Men at det skal vere bokmål kvar gong framover er ikkje sikkert.

– Ved neste varslingsprøve vurderer vi å nytte nynorsk som primærspråk i tillegg til engelsk, informerer ho.


Då Ronny Brede Aase slutta i P3morgen gjekk nynorskdelen i kanalen dramatisk ned. Her er Ronny Brede Aase (i midten) fotografert i 2018 saman med kollegaane
Adelina Ibishi (t.v.), Vida Lill Berge og Markus Neby. Foto: Tom Øverlie/NRK