Medietilsynet ber NRK levere meir nynorsk på radio
Heller ikkje i år klarte NRK kravet om 25 prosent nynorsk på alle plattformer. Medietilsynet rosar framgangen på nett, men etterlyser tiltak på radio.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I februar kom nynorsktala frå NRK, som viste at allmennkringkastaren hadde 25,1 prosent nynorsk på alle plattformer. Kravet er minimum 25 prosent nynorsk på både nett, radio og TV, noko NRK aldri har klart.
Medietilsynet: – Utviklinga går for sakte på radio
«Medietilsynet har i fleire år i sine tilsynsrapportar påpeika at NRK sin nynorskdel er for låg, og i fjor blei NRK bede om å leggje fram ein konkret handlingsplan,» heiter det i pressemeldinga.
NRK har følgt oppmodinga og sett i verk konkrete tiltak, noko Medietilsynet rosar dei for.
– Utviklinga tyder på at NRK sine tiltak, som å bruke nynorskrobot, har hatt ein positiv effekt på nett, seier direktør i Medietilsynet Mari Velsand i pressemeldinga frå Medietilsynet.
I 2022 auka nynorskdelen på nett til 20,9 prosent, noko som er det høgaste nokosinne.
– Medietilsynet vurderer likevel at utviklinga går for sakte på radio, og vi meiner difor at NRK må utvikle strukturar og system som fremmar auka bruk av nynorsk, seier Velsand.
Nynorskdelen på NRK sine radiokanalar var 22,7 prosent, noko som er ein svak auke samanlikna med 2020 og 2021.
På tv hadde NRK 27,2 prosent nynorsk i 2022.
NRK: «Igangsatt flere tiltak»
Direktør for strategi og medium i NRK, Jørgen Heid, skriv i ein e-post til Framtida.no:
«25 prosent av innholdet til NRK totalt sett er på nynorsk. Det er bra, men det er ikke godt nok. Nynorskoppdraget er en viktig del av kringkasteroppdraget vårt og vi jobbar iherdig for at 25 prosent av det vi produserer på nett, radio og TV skal være på nynorsk.
Vi er glade for at Medietilsynet anerkjenner arbeidet som blir gjort for å øke nynorskandelen, men mener at utviklingen går for sakte. Vi har allerede igangsatt flere tiltak for at utviklingen skal fortsette i riktig retning.»
I rapporten viser Medietilsynet til at nynorskdelen i P3 gjekk dramatisk ned då Ronny Brede Aase slutta i kanalen i 2020.
«Vi har nok vært for avhengig av enkeltpersoner, men vi er godt kjent med denne utfordringen og har jobbet med den over tid. Vi har allerede satt mer fart på våre tiltak, og publikum vil få mer nynorsk og dialekt på radio allerede i sommer,» skriv Heid til Framtida.no
Mållagsleiaren uroa for nynorsk på nett
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, synest det er synd at NRK ikkje når nynorskravet på alle plattformer.
– Kravet har lege der lenge og er godt kjent. Det er eit minimumskrav, ikkje eit maksimumskrav, så me har ei klår forventning om at dei klarar det, seier Lofnes Hauge på telefon til Framtida.no.
Mållagsleiaren meiner det er særleg viktig på nett, der NRK er ei stor og viktig kjelde for skriftlege nyheiter.
– Så veit eg at dei jobbar godt og systematisk i NRK for å auke nynorskdelen på alle plattformer. Dei siste tre åra har det auka jamt og trutt, seier Lofnes Hauge.
Mållagsleiaren: – NRK står i ei særstilling
Mållagsleiaren meiner det til sjuande og sist er eit leiaransvar å syte for at alle redaksjonane er bevisste på ansvaret dei har for å nå målet.
– NRK står i ei særstilling i presse-Noreg på grunn av måten dei er finansiert på. Som allmennkringkastar har dei eit enormt viktig språkmandat, seier Lofnes Hauge.