I dag får du nødvarsel på mobilen, men det er berre ein test

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. 

I dag klokka 12 vil alle mobilar i heile landet pipe og vibrere. Politiet testar å sende ut nødvarsel til alle norske mobilar på ein gong, står det i ei pressemelding. Sivilforsvaret vil teste ut sireneanlegget det same tidspunktet.

Mobilen vil vibrere og spele av ein høg lyd i 10 sekund. Ein tekst som seier at det er eit nødvarsel vil vise på skjermen.

Varselet vil komme til alle mobilar som ikkje er i flymodus eller skrudd av.

Politiet testar ut å sende nødvarsel slik at dei er sikre på at dei har moglegheita til å gi same beskjed til alle i Noreg samtidig. Ved å sende eit nødvarsel kan dei gi beskjed om kva som skjer og kva du bør gjere i ein farleg situasjon.