Privatistar får ta ny eksamen gratis – Udir beklagar

Privatistar som vart råka av datatrøbbel får dekt ny eksamen til hausten. Udir beklagar at løysinga ikkje treffer alle.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Utdanningsdirektoratet (Udir) opplyser at alle privatistar som vart råka av innloggingsproblem 22. mai vil få ta ny eksamen gratis til hausten.

Også privatistar som hadde andre eksamenar utan problem, men som sat i same rom som elevar med innloggingsproblem og blei forstyrra, vil få tilbodet.

Privatistane kan søkje om annullering, men Udir skriv at det ikkje er naudsynt. Privatistar kan velje om dei vil ha den nye karakteren på vitnemålet, eller ikkje.

Først til hausten

Det blir ikkje gjennomført ny eksamen før sommaren. Udir grunngjev det med at det er vanskeleg å arrangere eksamen så raskt, at det kan kollidere med andre eksamenar og at det kan bli urettferdig.

VG skriv at om lag 431 elevar tok skriftleg eksamen i norsk som privatistar. Udir reknar at om lag 200 av desse kan ha blitt råka av dataproblema.

Beklagar

Somme privatistar har ikkje karakter i faget frå før, og brukar eksamenskarakteren for å søkje høgare utdanning.

– Vi må berre godta karakteren vi får, som truleg for mange kan vere prega av eksamenstrøbbelet, seier privatist Malin Utne (31) til VG.

Udir erkjenner at dei ikkje har funne ei løysing som varetar alle privatistane like godt. Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist seier til avisa at han har stor forståing for enkeltpersonar som har blitt råka av trøbbelet.

– Og eg skjønnar at det stiller dei i ein veldig vanskeleg situasjon. Det vil eg vel gjerne beklage, seier han.


Elev med innloggingssida til eksamen hjå Udir oppe på PC-en.

Mange hadde problem med å logge inn då det vart arrangement eksamen i norsk hovudmål for tredjeklasse på vidaregåande. Foto: Frederik Ringnes / NTB