Svenske Elin Persson (29) har skrive roman basert på erfaringane frå asylmottak
Den prislønte svenske forfattaren Elin Persson (29) jobba seg igjennom inntrykka frå arbeidet med mindreårige asylsøkjarar ved å skrive. – Eg kjende meir ei maktesløyse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Det er vanskelig å si om jeg blir mer eller mindre menneske av å være her.»
Rebecka jobbar på eit asylmottak i ein mindre by i Sverige. Ho har ansvar for tre mindreårige, einslege asylsøkjarar frå Afghanistan: Ahmed, eller Adam som han helst vil heite, Hamid og Zaher.
Det er utgangspunktet for romanen De afghanske sønnene, som i fjor fekk Nordisk Råds Litteraturpris for barn og ungdom. I bagasjen har dei tre flyktningane traume, og i Sverige ventar sakn, kulturforskjellar og nettopp venting.
Kjende på ei maktesløyse
– Det er lett å tenke når ein byrjar å jobbe med sosialt arbeid at ein vil gjere det for å vere eit medmenneske og fordi ein vil hjelpe, men det som skjer når ein jobbar med det, er at ein får sjå ei bakside som gjer at ein blir veldig eksistensiell og byrjar å stille spørsmål ved seg sjølv og sitt liv, fortel forfattar Elin Persson.
Den svenske forfattaren snakkar med Framtida.no på videosamtale frå eit hotellrom i Lillehammer. Det er litteraturfestival, og ho kjem rett frå eit arrangement med norske ungdommar.
Historia om Rebecka og dei unge afghanarane er inspirert av hennar eigne erfaringar frå å jobbe med flyktningar. Ved sidan av studia i sosialantropologi, arbeidde ho på ein bustad for unge asylsøkjarar.
– Då eg kom ut etter å ha jobba med det, så tenkte eg ikkje; «Oi, kor eg har hjelpt og for ein bra person eg har vore som har arbeidd med desse sakene». Eg kjende meir ei maktesløyse og kor liten eg er i verda.
Meir og meir aktuell
Dessverre har berre romanen hennar blitt meir og meir aktuell. Då Elin Persson skreiv på boka under forfattarstudiet, var det mange som sa at ho måtte skunde seg å få ho ferdig og gitt ut før tematikken ikkje lenger var aktuell.
– Men utviklinga gjekk i ei heilt anna retning. Ho har blitt meir og meir aktuell for kvart år, og det gjer meg veldig trist å tenke på.
I august 2021 tok Taliban makta i Afghanistan på nytt. Under eit Noregsbesøk i januar i år lova dei at det skulle vere eit meir moderne regime. Men Taliban har allereie brote løfta om menneskerettar som dei gav. Mellom anna må kvinner vere dekt frå topp til tå utanfor heimen, og berre auga kan vere synlege.
Om det har blitt noko betre eller verre for flyktningane som kjem til Sverige sidan ho arbeidde på asylmottaket, er Persson ikkje sikker på.
– Men i Sverige er det i alle fall sånn at mange bustader er blitt lagt ned. Det trur eg ikkje er positivt, for dei som jobbar der er på eit vis dei einaste kontaktane dei har.
- Les også om den lange krigen i Afghanistan: Etter 20 år trekkjer USA og NATO ut sine styrkar og Taliban festar igjen grepet. Korleis kunne det skje?
Krafta i litteraturen
Elin Persson vonar litteraturen han påverke og få folk til å reflektere over flyktningsituasjonen. I samtalen med elevane på Litteraturfestivalen i Lillehammer snakka dei om krafta kunst, litteratur og poesi kan ha.
– Det kan treffe menneske på ein annan måte enn kva sakprosa, dokumentarar eller aviser som fortel om statistikk og sånne ting kan gjere. Eg trur at det er lett å kjenne ein distanse til menneske, og i litteraturen der ein lærer å kjenne menneske og blir rørt, så kan ein også endre perspektivet sitt på til dømes flyktningpolitikken.
Elevane hadde òg spørsmål om kva samfunnet kan gjere annleis, og kva Persson tenkjer om den politiske situasjonen. Ho undrar på det same sjølv, og vonar boka kan starte samtalen.
– Eg kan berre fortelje korleis det var for meg å arbeide der og kvifor eg har skrive boka. Korleis samfunnet skal ta det vidare, det må ein spørje politikarane og dei som er sakkunnige i det om.
- Les også om «Amir», ein av dei mange unge gutane som flykta, søkte asyl i Noreg, og vart deportert til Afghanistan igjen: – Der er ikkje noko håp for liv
Unge asylsøkjarar
Møtet med skjebnane til flyktningane blei eit stort sjokk for Persson.
Ho hadde litt erfaring frå å ha arbeidd på ein asylbustad for familiar, då ho i ein alder av 22-23 år starta på mottaket for mindreårige flyktningar.
– Det var noko heilt anna å vere på ein bustad der ungdommar budde, for dei treng så mykje anna støtte, på grunn av den psykiske uhelsa som finst blant ungdommane. Eg hadde inga erfaring med å handtere menneske med psykisk uhelse, minnest ho.
Dette var ein periode det kom veldig mange til Sverige, og det var stort behov for å få inn folk som kunne fylle stillingane.
– Somme hadde ikkje jobba med menneske i det heile, og det blir litt spesielt. Det krevst utdanning for å jobbe med unge.
Måtte arbeide seg gjennom opplevingane
Elin Persson hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive noko om innvandring eller om erfaringane med dei unge asylsøkjarane, men det var det som trengde seg på.
– Ein kan ikkje heilt velje kva ein skriv om. Kvar gong eg sette meg for å skrive, kom minna frå tida eg arbeidde på asylmottaket. Eg trur eg sjølv måtte bearbeide opplevingane mine.
Alle scener i boka har hendt på ekte, men ikkje på nøyaktig same måte. Kring 30 prosent av innhaldet i boka er hennar eigne opplevingar frå asylmottaket.
Eit anna perspektiv
Historia i De afghanske sønnene er fortald frå den unge tilsette på asylinstitusjonen sin ståstad, og ikkje frå perspektivet til dei unge gutane som har flykta til Sverige.
Elin Persson valde å fortelje historia slik dels fordi ho sjølv kunne relatere til Rebecka, men òg på grunn av bakgrunnen hennar frå sosialantropologien.
– Der tenker ein mykje på sin eigen maktposisjon i relasjonen til andre menneske. For meg kjentest det problematisk å skrive ut ifrå ein ungdom som hadde vore på flukt, sidan eg ikkje hadde slike erfaringar sjølv.
- Les også bokmeldinga av Brageprisvinnaren Eit anna blikk: Knallbra og røff bok som dessverre har blitt altfor aktuell
Distanse
I De afghanske sønnene er det mykje som blir sagt mellom linjene. Stilen er nøktern og lite sentimental. Vi får ikkje noko særleg innblikk i karakterane sitt indre kjensleliv, men blir kjent med dei gjennom kva dei gjer og seier.
Likevel forstår vi at situasjonen påverkar dei i stor grad.
«Nå for tiden går jeg stadig oftere ned i kjelleren. Jeg sitter på en pappeske inntil veggen. Plukker på murvegen. Den gule, sprukne malingen. Måker sammen små hauger av flakene som faller av.»
Persson likar å skrive på denne måten – ho likar gestalting av det som skjer og at lesaren må rekne ut sjølv kva personen kjenner.
– Men det var òg eit medvite val. Eg ville at ein skulle kjenne denne distansen som Rebecka kjenner til dei.
Ho opplever at ein kan bli veldig distansert av å vere på eit asylmottak med menneske med angst, søvnvanskar og der det skjer sjølvmordsforsøk.
– Det blir så normalisert at ein blir nomen. Så på den måten tenker eg at Rebecka prøver å ikkje kjenne så mykje. Ho forsøker berre å følgje rutinane og gjere arbeidet sitt på det beste måten ho kan.
Kva ventetida gjer med menneske
Det er ikkje tilfeldig at Elin Persson valde å fortelje historiene til nettopp afghanske asylsøkjarar. Den tida ho jobba på asylheim, var det ikkje berre afghanarar der, men mellom anna syrarar, eritrearar og russarar. Dei fleste gruppene frå andre land fekk svar på asylsøknaden ganske raskt, medan dei frå Afghanistan måtte vente år etter år.
– Eg lærte å kjenne dei på ein heilt anna måte og fekk ein relasjon til dei, seier ho, og held fram:
– Det gjorde at eg blei spesielt interessert i kva ventetida kan gjere med menneske.
Med boka ønskjer Persson at lesaren skal få eit innblikk i livet til desse personane.
– Eg vil at ein skal få eit innblikk i korleis det å vente kan påverke menneske. Og i det her opplegget i samfunnet med at ein person skal vente på ei avgjerd om dei skal få bli i Sverige. Korleis påverkar det menneske? spør ho seg.
- Les også: Mustafa Hasan vann saka mot Utlendingsnemda. No er det klart at han får bli i Noreg: – Det kjennest som eg er fødd på ny
Fakta
Namn: Elin Persson
Alder: 29
Frå: Gävle i Sverige
Utdanning: Sosialantropologi og forfattarstudium
Bøker: De afghanske sønnene (2020), Det är någonting som drar i mig (2021)
Prisar: Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris (2021)