Den lange krigen i Afghanistan

Afghanarar har levd med invasjon og krig sidan 1979. Etter 20 år trekkjer USA og NATO ut sine styrkar og Taliban festar igjen grepet. Korleis kunne det skje?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange vart overraska då Taliban sommaren 2021 fossa fram, storma by etter by og afghanske sikkerheitsstyrkar overgav seg. Då hovudstaden Kabul fall 15. august og president Ashraf Ghani flykta frå presidentpalasset, var det gjort: Afghanistan si USA-støtta regjering kollapsa, og Taliban sat igjen med makta.

Bileta frå flyplassen i hovudstaden synte panikken som rådde. Mange afghanarar som hadde jobba for dei internasjonal styrkane, forlet landet fordi dei frykta for å leve under eit Taliban-styre, slik dei gjorde frå 1996 til 2001.

Det store fleirtalet av Afghanistan sine 36 millionar innbyggjarar har ikkje eit slikt val. Dei er igjen i eit land merkt av langvarig konflikt, tørke og med frykt for at jenter og kvinner skal miste rett til utdanning og jobb.

Bakgrunnen

Krigen i Afghanistan starta då Sovjetunionen invaderte landet i 1979 og møtte stor motstand frå ei motstandsrøsle kalla Muhjahedin, som vart støtta av Vesten. Då Sovjetunionen trekte seg ut i 1988 enda grupper innan Muhjahedin opp i ein borgarkrig som frå 1992 delte opp landet og la hovudstaden Kabul i ruinar.

Ei av gruppene som kalla seg for Taliban (religiøse studentar), tok gradvis makta frå 1994 og tok kontroll over Kabul i 1996. Deira strenge handheving av eit islamsk styresett reduserte valdsnivået i landet, men reduserte samstundes jenter sitt høve til utdanning og kvinner sin rett til offentleg arbeid.

Kvifor invaderte USA og NATO Afghanistan?

Den internasjonale terrororganisasjonen al-Qaida etablerte seg i Afghanistan under Sovjetunionen sin okkupasjon. Islamske krigarar frå mange land kom til Pakistan og Afghanistan for å støtte Muhjahedin sin kamp mot Sovjetunionen. Nokre vart att etter at krigen slutta, inkludert ein av leiarane: saudiarabaren Osama Bin Laden.

Frå Afghanistan planla og gjennomførte al-Qaida internasjonale terrorangrep under beskyttelse av Taliban.

Osama bin Laden var leiaren av al-Qaida då dei gjekk til åtak på fleire mål i USA, mellom anna World Trade Center i New York. Foto: Hamid Mir – http://centralasiaonline.com/en_GB/articles/caii/features/pakistan/main/2011/05/03/feature-02, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons

Etter fleire angrep i Afrika vart fire amerikanske passasjerfly kapra av al-Qaida den 11. september 2001. To av flya styrta inn i tvillingtårna i New York, eit styrte inn i forsvarsdepartementet sin hovudbygning, Pentagon. Det siste, som var på veg mot eit mål i Washington D.C., lukkast ikkje og styrta på eit jorde i Pennsylvania.

Terrorangrepet var det dødelegaste og mest spektakulære verda hadde sett. Det vart oppfatta som at heile Vesten var under angrep.

USA er medlem av forsvarsalliansen NATO, og angrepet utløyste derfor artikkel fem i NATO-traktaten. I artikkel fem står det at alle medlemsland er forplikta til å støtte kvarandre når dei er angripne.

Då USAs president George W. Bush lanserte «krigen mot terror» sa han:

«Every nation, in every region, now has a decision to make. Either you are with us, or you are with the terrorists.»

Då Taliban, som då hadde makta i Afghanistan, ikkje ville utlevere al-Qaida-leiaren, Bin Laden, invaderte USA og NATO Afghanistan i oktober 2001.

Planen med invasjonen

Invasjonen hadde i utgangspunktet to mål: Å nedkjempe al-Qaida og Taliban og sikre at dei ikkje lenger kunne planlegge eller utføre terroraksjonar frå Afghanistan.

Men etter kvart vart målet utvida til å etablere ei afghansk regjering og innføre demokrati, bygge ein afghansk hær og politistyrke og bidra til utvikling og styrking av menneskerettar.

Verdssamfunnet møtte afghanske representantar i Bonn i Tyskland i desember 2001. Taliban vart haldne utanfor. Her oppretta dei ei overgangsregjering, oppnemnde Hamid Karzai til mellombels president og foreslo oppretting av ein NATO-leia militærstyrke. Dette vart godkjent av FN sitt tryggingsråd og Noreg sende også soldatar til ein tryggingsstyrke i Afghanistan (ISAF).

Taliban etter invasjonen

Taliban prøvde å inngå ein avtale om overgjeving, men det vart avslått av både USA og seinare den afghanske presidenten Karzai.

Mange av Taliban og al-Qaida sine styrkar vart drepne i dei omfattande bombeangrepa USA gjennomførte, andre vart tatt til fange og overført utan rettssak eller dom til ein amerikansk fangeleir på øya Guantanamo. Der vart mange torturerte. Resten la frå seg våpena og returnerte til heimstadane sine, eller flykta til Pakistan.

Det var først i 2003 at Taliban gradvis etablerte seg igjen sør i Afghanistan.

Dei nytta seg av motstand mot det mange afghanarar såg som ein ny internasjonal okkupasjon, denne gongen frå Vesten. I mange område gjekk internasjonale soldatar og den afghanske hæren hardt fram, og mange sivile vart utsette for overgrep eller drepne. I tillegg vart det utstrekt korrupsjon i den afghanske administrasjonen og i rettsvesenet.

Dette gjorde det lettare for Taliban å framheve at dei kjempa for å frigjere Afghanistan frå ein internasjonal invasjon og ei udugeleg regjering i Kabul. Frå 2006 markerte dei seg i den nordvestlege provinsen Faryab, der Noreg hadde soldatar og bistandsprosjekt.

Kvifor varte krigen i over 20 år?

USA og NATO svara på Taliban si militære opptrapping med å auke talet på internasjonale soldatar frå 2009, og ved å trappe opp luft og bakkeangrep mot Taliban sine styrkar. Dei la også større vekt på å byggje opp og trene ein afghansk hær.

Taliban på si side trappa opp bombeangrep og sjølvmordsangrep i afghanske byar. Resultatet vart ein sterk auke i sivile tap.

Krigen tok ei ny vending i 2011 då amerikanske styrkar drap al-Qaida-leiaren Osama bin Laden i Pakistan.

Drapet vart ei avrunding av krigen mot terror, og president Obama annonserte at dei ville redusere dei internasjonale styrkane i Afghanistan frå 2014. I tråd med denne planen forlet dei norske soldatane Faryab-provinsen i september 2012. Bistand vart vidareført av frivillige organisasjonar.

Dette ikoniske biletet kalla «Situation Room» viser mellom anna dåverande president Barak Obama, visepresident Joe Biden og utanriksminister Hillary Clinton som følgjer med på direktesendinga av den såkalla «Operation Neptune Spear», som førte til likvideringa av terrorleiaren Osama bin Laden i 2011. Foto: Foto: Pete Souza/White House

Nedtrappinga av internasjonale styrkar verka negativt inn på økonomien og medførte auka fattigdom og arbeidsløyse. Men Taliban vart stadig sterkare og auka sine angrep både på landsbygda og i byane.

I 2017 vart det anslått at omtrent halve befolkninga, 15 millionar, budde i område Taliban kontrollerte eller hadde innverknad på. Forsøk på forhandlingar mellom eit militært sterkare Taliban og den afghanske regjeringa førte ikkje fram. Taliban ville berre forhandle direkte med USA.

Kvifor vedtok USA og NATO å trekke ut styrkane?

President Donald Trump aksepterte å forhandle med Taliban. Han hadde nemleg ført ein valkamp på å trekke USA ut frå krigane i Irak og Afghanistan.

I 2019 starta direkte forhandlingar utan den afghanske regjeringa, og den 29. februar 2020 underteikna USA og Taliban ein uttrekningsavtale.

  • USA lova at alle internasjonale styrkar skulle vere ute av Afghanistan innan 1. mai 2021.
  • Taliban lova å hindre at terroristgrupper – inkludert al-Qaida – kunne bruke Afghanistan til å planleggje eller gjennomføre terroraksjonar mot USA og deira allierte.
  • Ein del av avtalen var også at Taliban skulle starte fredsforhandlingar med den afghanske regjeringa.

NATO var ikkje ein del av avtala, og det var ikkje alle medlemslanda som var einige i USA sitt einsidige vedtak, men alliansen følgde lojalt opp og la sine uttrekningsplanar.

Den afghanske presidenten Ashraf Ghani følte seg overkøyrd av Trump og var lite villig til å starte opp forhandlingane med Taliban. Han håpa også at Biden skulle vinne det amerikanske presidentvalet i 2020, og endre Trump sitt vedtak om å trekkje styrkane ut av landet.

Det gjorde ikkje president Biden. Han berre utsette datoen for når alle styrkane skulle vere ute til den symboltunge datoen 11. september 2021, 20-årsdagen for terrorangrepa i USA.

Medan internasjonale styrkar gradvis pakka ned utstyr og forlet Afghanistan, var det lite framgang i forhandlingane mellom afghanske styresmakter og Taliban.

Frå 1. mai 2021 trappa Taliban opp krigføringa mot afghanske styrkar. Dei tok stadig nye område, sikra seg kontroll over grensepostar mot nabolanda og sirkla inn fleire provinshovudstader.

Taliban tok Kabul: kva no?

Under eit sterkare militært press overgav fleire afghanske hæravdelingar og byar seg til Taliban, ofte utan kamp. Hæren, som hadde blitt støtta og trena av NATO-styrkar, vart svekt av utstrekt korrupsjon, desertering og stadig skifte i leiinga.

Med mindre flystøtte frå USA og mangel på forsyningar og forsterkingar frå den afghanske regjeringa, valde mange å leggje ned våpena. Dei gjorde heller det enn å våge livet for ei regjering dei ikkje hadde tillit til.

Då den viktige byen Jalalabad overgav seg, var Taliban-styrkar neste morgon posisjonert utanfor Kabul. President Ghani valde å fly ut av Afghanistan framfor å forhandle med Taliban. Landet var utan ei regjering og den militære motstanden var avslutta. Søndag 15. august 2021 sat eit forundra Taliban med kontroll over Kabul og makt over nesten heile Afghanistan.

Samstundes var ein stor operasjon i gang på flyplassen i Kabul for å evakuere ambassadetilsette og afghanarar som hadde arbeidd for internasjonale styrkar.

Taliban annonserte ein intensjon om å danne ei samlande regjering som skal inkludere kvinner og gje amnesti til alle som hadde kjempa mot dei. I motsetning til sist dei regjerte, lova dei at jenter skulle få utdanning, at kvinner hadde rett til å arbeide og ikkje trong å ha følgje av ein mannleg slektning når dei forlet heimen. Dei sa samstundes at dette skulle skje innan islamsk sharialovgjeving, noko som gjev rom for fortolkingar.

Verdssamfunnet og mange afghanarar er tvilande til lovnadane og avventande til kva styresett og regjering Taliban vil danne. Dei er klare på at dei ikkje vil akseptere redusert respekt for jenter og kvinner sin rett til utdanning og arbeid, og at det vil få konsekvensar for vidare bistand til landet.

Afghanistan er heilt avhengig av internasjonal støtte for å møte dei store humanitære utfordringane den langvarige konflikten, internflukta, ei pågåande tørke og koronapandemien har skapt. Og for å vidareføre det som er bygd opp av utdannings- og helsetilbod.

Derfor ligg eit stort ansvar på Taliban for å vareta sikkerheit for alle afghanarar, respektere menneskerettar og forme eit meir inkluderande styresett der kvinner har innverknad.

Klarar dei ikkje det, vil mange afghanarar gå ei usikker framtid i møte, og den evigvarande konflikten kan halde fram.


Arina Aamir kjem med ei oppmoding til statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide. Foto: Eirin Larsen/Statsministerens kontor, privat, Asgeir Spange Brekke, FD/UD