Mustafa Hasan (19) får bli i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hasan har budd og vakse opp i Asker sidan han var seks år gammal.

Han kom til Noreg frå Jordan med familien sin i 2008. Dei fleste familiemedlemmene vart sende ut av landet, men ikkje Hasan fordi han var under 18 år. Då han i 2020 fylte 18 år, fekk han eit endeleg vedtak om at han måtte forlate landet innan kort tid.

I fjor vart Unes vedtak om utsending kjent ugyldig i Oslo tingrett, og dermed måtte saka behandlast på ny.

Denne gongen har Une komme fram til at 19-åringen får opphaldsløyve i Noreg, skriv NRK.

– Fødd på ny

– Nye helseopplysningar har vore eitt viktig moment i ei heilskapsvurdering. At han har gjennomført mesteparten av barne- og ungdomstida i Noreg, er òg lagt vekt på, seier avdelingsleiar i Une, Terje Østraat, til Vårt Land.

– Dei siste opplysningane som inngjekk i heilskapen, fekk vi inn frå advokaten hans i desember, seier Østraat.

Hovudpersonen sjølv fekk beskjeden tysdag formiddag.

– Det kjennest som eg er fødd på ny, seier han til VG.

Skaper ikkje presedens

Tobias Drevland Lund (Raudt). Foto: Stortinget

Avgjerda skaper òg reaksjonar politisk. Raudt meiner avgjerda ikkje berre er ein siger for Mustafa, men også for alle dei som kjempar for ein meir solidarisk politikk.

– Vi ønskjer oss inderleg fleire slike døme kor menneskelege omsyn, tilknytinga til Noreg og unge psykiske helse hos unge menneske veg tyngre enn den kalde sorteringa som tilsynelatande ligg i instruksen Une har jobba etter dei siste åra, seier Raudts stortingspolitikar Tobias Drevland Lund.

SV seier til NTB at dette òg må få konsekvensar for andre saker.

Grete Wold (SV) Foto: Stortinget

– Ungdommar som Mustafa, skal ikkje gå gjennom livet i uvisse på denne måten. Derfor kjem vi til å jobbe for at Mustafa-saka òg fører til at systemet blir endra, seier SVs innvandringspolitiske talsperson, Grete Wold.

Une på avviser på si side at Hasan-saka skaper presedens for barn i same situasjon.

– Dette er ei veldig spesiell sak som ikkje liknar på særleg mange andre saker. Ho er avgjort etter ei konkret vurdering av innhaldet i akkurat denne saka, slik ho står akkurat no, seier Østraat.

Årets namn

Saka har ført til stort engasjement, og Hasan har fått brei støtte frå lokalsamfunnet og politikarar. Ein demonstrasjon utanfor Stortinget i november fekk mykje merksemd og gjorde saka til ei nasjonal nyheit.

Ikkje lenge etter skreiv meir enn 100.000 personar under på ein underskriftskampanje for å sørgje for at Hasan kunne bli i Noreg.

Han vart òg kåra til Årets namn 2021 i Nettavisen.


Frå venstre: Salman og Rahman Chaudhry er to vanlege typar oppvaksen på Furuset i Oslo, men kva om dei vart fødd i Lahore? Foto: Privat