Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Immigrantar som har søkt tryggleik i Noreg eller andre land burde ikkje bli sendt bort, fordi det er ikkje trygt i Afghanistan. Der er ikkje noko håp for liv, og det kjem ikkje til å bli det.

Dette seier «Amir» til Framtida.no over melding. Framtida.no har anonymisert ungdommen med tanke på tryggleiken hans. «Amir» var ein av mange unge gutar som flykta frå Afghanistan, og søkte asyl i Noreg i 2015. I 2017 vart han deportert til Afghanistan.

– Eg var veldig glad i Noreg, og hadde aldri reist frå landet om eg ikkje var tvungen til å gjere dette.

Bekymrar seg for framtida

No bur han i Kabul, der eksplosjonar og terrorangrep er heller regelen enn unntaket. «Amir» seier han har kjent på ei sorg sidan han vart returnert.

– Den største skilnaden mellom Noreg og Afghanistan er at i Noreg levde folk i fred. Folk i Noreg følar seg trygge, og lev verkelege liv med familie og vennar. Afghanistan derimot er eit land der alle lev i fattigdom og arbeidsløyse, utan håp for framtida.

Han er bekymrar seg for framtida, og kva som kjem til å skje vidare.

– Situasjonen i Afghanistan er veldig usikker akkurat no. Taliban tek stadig over fleire distrikt og provinsar.

Usikker tryggleikssituasjon

Kristian Berg Harpviken, forskar ved Fredsforskningsinstituttet i Oslo. Foto av PRIO.

Afghanistan har lenge vore prega av konflikt og ein usikker tryggleikssituasjon. Kristian Berg Harpviken, forskar ved det Internasjonale Fredsforskningsinstituttet i Oslo (PRIO), seier at det afghanske sikkerheitsbiletet er særs kompleks.

Harpviken forklarar at det som har skjedd no er at dei internasjonale styrkane i stor grad har trekt seg ut av landet, og skal vere heilt ute innan august. Dette vart bestemt i ei avtale mellom USA og Taliban som fann stad i februar i fjor. Taliban har påført eit valdsamt militært press på mange område, og har også lagt under seg store delar av landet.

– Dette kom som eit sjokk for dei aller fleste. Der var ingen observatørar som trudde at Taliban kom til å legge under seg så store områder så raskt.

Les også: Stormaktskampen om Afghanistan

Taliban forhandlar med politiet og dei militære styrkane

– Taliban har fokusert på å ta over områder der dei tradisjonelt har mindre oppslutning.

Harpviken forklarar at på denne måten demmer dei opp for at det dei ser på som sine fiendar skal kunne slå tilbake. Områda ved grensa mot Tadsjikistan i nordaust, er eit eksempel på dette. Ifølgje forskaren, er det eit område med mindre oppslutning som dei ikkje har fått til å legge under seg tidlegare.

– For å vinna fram har Taliban forhandla med politiet og dei militære styrkane, og slik fått til lokale avtalar, seier han.

Harpviken fortel at i denne type forhandlingar gir Taliban motparten valet mellom å legge ned våpena, eller å bli utsatt for eit kraftig militært angrep. Ofte vel motparten det fyrstnemnte.

– I slike forhandlingar er det gjerne lokale leiarar som går i mellom og formidlar frå den eine til den andre parten. På denne måten, ettersom motparten som regel vel å legge ned våpena, unngår dei lokale leiarane å hamne midt i skotlinja, og har derfor interesse av å vere mellomledd, forklarar Harpviken.

Abdul Ghafoor kritiserar Noreg for å ikkje handtere asylsøknadar frå afghanarar på riktig måte. Privat foto.

Folk strøymer mot grensene

Abdul Ghafoor, grunnleggaren av Afghanistan Migrants Advice & Support Organisation (AMASO), meinar at avgjerdsla om at USA og NATO skulle trekke seg, var ei forhasta avgjersle.

– Dei tenkte «Vi har gjort vårt, la oss gå», utan at dei tenkte over kva som kom til å bli konsekvensane av denne tilbaketrekkinga.

Ghafoor fortel at Taliban har tatt kontroll over 85 prosent av landet. Også Kabul er sterkt trua.

– Ein kan høyre skot og bomber kvar dag, også mot skular, moskear, og sjukehus, der sivile blir strategisk drepne.

Folk straumar mot grensene for å flykte landet. Ghafoor seier det er mellom 1000-2000 per dag som rømmer landet, og om lag 5000 menneske som ber om pass kvar dag for å kome seg ut.

Spesielt utrygt for kvinner og minoritetar

– Kvar dag, kvar augeblink, tek Taliban over stadig nye område. Kvinner og minoritetsgrupper er hardast ramma av dette.

Vidare forklarar han at i områda Taliban tek over må ein gi frå seg døtrer over 15år og enker under 45 år for å bli Talibankoner. For Hazaraane, ein etnisk minoritet i Afghanistan, er det også farlegare no. Størstedelen av hazarane er shjiamuslimar, og har gjennom historia vorte forfølgde og drepne av ekstreme sunnimuslimske grupper, som blant anna Taliban, ISIS og Al Qaida.

– Eg er sjølv hazara, og har fått beskjed av familie og venner at eg burde rømme landet. Eg er redd for at det at eg er hazara kjem til å gjere slik eg blir behandla annleis.

Afghanistan ber om å stoppe deportasjonane

På grunn av den særs usikre situasjonen Afghanistan står i, har det afghanske departementet for flyktningar og repatriering sendt eit formelt brev til fleire europeiske land om å stoppe deporteringa dei neste 3 månadane. Ein veit framleis ikkje kva som blir resultatet. Men Ghafoor kan informere om at forslaget i brevet er under diskusjon i fleire land. Så langt er det berre Finland og Sverige som har stoppa deportasjonane til Afghanistan.

– Slike brev har vorte sendt tidligare utan noko verknad, men no er situasjonen meir alvorleg.

Gjennom AMASO har Ghafoor vore i kontakt med mange av dei som flykta til Europa, men vart sendt tilbake til Afghanistan. Organisasjonen vart oppretta i 2014 etter han såg eit stort behov for ein stad dei returnerte flyktningane kunne oppsøke hjelp. AMASO bistår med råd og informasjon om korleis ein kan leve i Afghanistan. Alt i frå kvar ein kan finne husly, til kvar ein kan få mental helsehjelp.

Avhengig av eit sosialt nettverk for å overleve

– Uheldigvis finnast der så og seie ikkje moglegheiter når ein blir deportert tilbake til Afghanistan. Situasjonen er, og har vore, ustabil lenge.

I tillegg er ei stor utfordring å bli reintegrert i det afghanske samfunnet, seier Ghafoor. I store delar av tilfella har ikkje dei som har vorte sendt tilbake klart å tilpasse seg det afghanske samfunnet igjen. Desse flyktar frå landet så fort som mogleg etter dei er deporterte.

– Her i Afghanistan er du heilt avhengig av å ha eit sosialt nettverk for å overleve. Ein klarer seg ikkje på eiga hand.

Kritiserer Noreg

Ei anna utfordring Ghafoor legg vekt på, er at størstedelen av dei som blir deporterte frå Noreg og Sverige er mindreårige. Desse er for unge til å overleve aleine. Han seier at Noreg har ein veldig streng asylpolitikk, og alltid har hatt dette.

– Noreg har deportert mange mindreårige. Men Noreg har gitt dei ein alder på over 18 år, slik det er mogleg å deportere dei. Dette er vondskap. Asylsøknader til unge afghanarar blir ikkje behandla på riktig måte.

Ghafoor seier at mesteparten av Europa ikkje trur at Afghanistan er utrygt. Han veit ikkje kva som skal til for å overbevise dei europeiske landa om alvoret i sikkerheitsituasjonen.

Les også: Ap støttar retur av ungdom til Afghanistan

Tilsvar frå UDI og UNE

Dag Bærvahr. Foto: UDI.

Framtida har vore i kontakt med Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) over e-post.

– Vi har stor forståing for at mange kan oppfatte Afghanistan som utrygt. Når det skal vurderast i asylsaker, skal det likevel mykje til å definere situasjonen som så utrygg at alle som kjem derifrå anerkjennast som flyktningar, seier Dag Bærvahr, fagsjef i asylavdelingen hos UDI.

Ingvild Solberg, fungerande avdelingsleiar i UNE, legg til at vurderingane til Noreg er på linje med dei fleste andre vestlege land som motar asylsøkarar frå Afghanistan. Både UDI og UNE følgjer nøye med på den alvorlege utviklinga i Afghanistan. Dei seier dei tek føre seg individuelle vurderingar i lys av den generelle situasjonen.

– Vi gir vern til dei som risikerer forfølging i heimlandet, uansett om det er på grunn av etnisitet, religion, politisk oppfatning eller av andre grunnar. Vurderingane våre baserer seg alltid på landinformasjon som er så oppdatert som mogeleg, seier Solberg.

Ikkje endra praksis

Til kritikken frå Ghafoor svarar UDI at det er vanskeleg å kommentere på kritikk når dei ikkje veit kva saker det er snakk om. Solberg frå UNE skriv at dei behandlar asylsøknadar på riktig måte etter de saksbehandlingsreglane som gjeld. Til kritikken om aldersvudering svarar Solberg at dei gjer aldersvurderingar for kvart enkelt individ, og ikkje for ei gruppe. Dei legg inn sikringsmarginar, og er opne på graden av uvisse som inngår i vurderingane.

UDI og UNE har ikkje endra praksisen sin kring asylsøknadar frå Afghanistan. Om praksisen kjem til å endre seg ut i frå den siste utviklinga, seier Solberg at vi for kome tilbake til etter kvart.

– Så langt har vi ikkje vurdert at det er grunnlag for å sette behandlinga av saker frå Afghanistan i bero (altså, utsette saksbehandlinga mens sikkerheitssituasjonen vurderast), eller å stoppe saker der søkjaren har endeleg avslag og er utreisepliktig, svarar Bærvahr frå UDI.

Les også: – Mustafa Hasan har blitt ansiktet på ein djupt urettferdig og direkte diskriminerande praksis som Noreg har ført i ei årrekke.