Bli med på bokmeldarkurs!

Er du interessert i litteratur og kunne tenke deg å jobbe som bokmeldar? Framtida.no og Tekstallmenningen arrangerer kurs for unge meldartalent.

Framtida
Publisert

Framtida.no og Tekstallmenningen inviterer til introduksjonskurs i litteraturkritikk. Samlinga er digital og open for alle i alderen 15–26 år.

Første samling er 20. oktober kl. 17.30-19.00.
Klikk her for påmelding

I introduksjonskurset vil redaktørane Ida Wammer og William Sørensen Mørch frå tidsskriftet BLA halde ein introduksjon om litteraturkritikk. Dei vil fortelje om det å skrive ein omtale av litteratur og om redaksjonelle prosessar, og om korleis BLA jobbar med å løfte fram nye stemmer.

Etter introduksjonskurset vert det mogleg å sende inn tekst for redaksjonell vurdering og potensiell publisering på framtida.no.

17. november kl. 17.30-19.30 vert det ei ny digital samling der redaktørane William og Ida saman med deltakarane går gjennom utvalde tekstar i plenum og gjev tilbakemeldingar.


Om Framtida: Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrke nynorsken og bidra til å auke og få fram engasjementet til unge. Framtida har i fleire år satse på unge kritikarar innan film og litteratur.

Om BLA: BLA er Noreg si einaste reine litterære avis. Kvar månad får du nytenkjande tekstar om kva litteratur er i dag, og kva det har vore gjennom historia. BLA har nokre av landets mest spanande unge skribentar i stallen, i tillegg til godt etablerte forfattarar og kritikarar. Ida Wammer er tidlegare redaktør i Natt&Dag og Tidens ånd. Ho har vore kulturjournalist i Morgenbladet, featurereporter i DN sine helgemagasin og skriv fast spalte i Klassekampen på laurdagar. William S. Mørch har bakgrunn frå tysk og litteraturvitskap og har fullført tre år på forfattarstudiet i Tromsø. Han er også litteraturmeldar for Vårt Land.

Om Tekstallmenningen – tidsskrift- og småforlagssentralen: Tekstallmenningen er ein nettstad og ein fysisk arena som formidlar og sel ei rekke av Noreg sine mest spanande tidsskrift og bøker frå uavhengige forlag.

Kurset er støtta av Sparebankstiftelsen DNB og Erasmus+