Taliban forbyr kvinneidrett i Afghanistan

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye regjerina i Taliban vil ikkje la kvinner i Afghanistan drive med idrett.

Ahmadullah Wasiq, nestleiaren i Taliban sin kulturkommisjon, hevdar at islam ikkje tillet at kvinner vert sette slik. Han viser til at spelarane kan hamna i situasjonar der ansiktet og kroppen deira ikkje er tildekt.

– Islam og Det islamske emiratet tillet ikkje at kvinner speler cricket eller andre sportar der dei vert avdekte, seier Wasiq i eit intervju med den australske kringkastaren SBS.

Han seier at kvinneidrett verken er naudsynt eller sømmeleg. Han viser til at det under sportsarragement vert teke bilete og video som andre kan sjå.

Kvinnefri regjering

Taliban kunngjorde tysdag ei ny regjering som berre består av menn.

UN Women, FN si eining for likestilling, stiller spørsmål ved tidlegare løfte frå Taliban om å beskytte og respektere rettane til jenter og kvinner.

Leiar Pramila Patten seier i ein uttale at Taliban sender feil signal ved å ekskludere kvinner frå regjeringsmaskineriet.

– Det internasjonale samfunnet har vore tydeleg og vil halde fram med å vere det: Rettane til kvinner, inkludert retten til fullverdig og meiningsfull deltaking i det offentlege og politiske liv, er menneskerettar som ikkje er valfrie og ikkje til forhandlig, uttalar ho.