Mustafa Hasan (18) vann saka mot Utlendingsnemda
Oslo Tingrett har dømd vedtaket til Utlendingsnemda (UNE) ugyldig. No må UNE behandla saka til Hasan på nytt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg håper dette kan gi fleire moglegheiter for andre til å få saka si vurdert på nytt. Kanskje kan politikarane fatta nye vedtak på Stortinget. Kanskje forstår dei nå at ein ikkje kan deportera barn på denne måten meir, seier Mustafa Hasan (18) til VG.
I 2008 kom Hasan til Noreg i lag med mora og fire brødre frå Jordan, og familien fekk midlertidig opphaldsløyve.
I 2012 meinte utlendingsmyndigheitane at mora har loge om at dei er statslause palestinarar og opphaldsløyvet er ugyldig. Mora og syskena til Hasan reiste ut av landet, men Hasan var under 18 og blei igjen i lag med broren sin.
I 2019 vart søknaden til Hasan om å få opphald i Noreg på humanitært grunnlag avslått. No har Oslo Tingrett dømd vedtaket ugyldig og saka hans skal verta behandla på nytt av Utlendingsnemnda (UNE).
Dette er reaksjonane så langt
Framtida.no fann fram til følgjande reaksjonar på dommen så langt, på torsdag formiddag.
På Facebook skriv partileiar Audun Lysbakken (SV):
– Endelig rettferd. Ein fornuftig dom. Omsynet til ungdom med dype røter i Noreg må veg tyngre enn «innvandringsregulerende» symbolikk. Mustafa må få bli!
– Veldig bra at Mustafa får behandla saka si på nytt ? Nå forventer me at han vinn fram heile vegen og får bli i Norge
-
Brørne Salman og Rahman Chaudhry reagerer på korleis innvandringsregulerande omsyn trumfar barnets beste i saka til Mustafa Hasan: «Kva hadde skjedd om vi hadde vore i Mustafas situasjon?»