Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knallbra og røff bok som dessverre har blitt altfor aktuell

Erlend Skjetne er trass hans unge alder allereie ein røynd forfattar. Då han gav ut romaen Kleda er gjennomvåte erklærte eg boka som ein mogleg framtidig klasikkar.

No har Skjetne gjeve ut si fyrste ungdomsbok: Eit anna blikk. At han arbeider med norskopplæring for flyktningar skin igjennom.

Gutar på flyktningmottak

Handliga i Eit anna blikk er lagd til eit mottak for mindreårige flyktningar i ei forblåst bygd langt nord i Noreg. Eg-forteljaren, Anwar, har som dei fleste andre på mottaket kome åleine frå Afghanistan. Anwar har kallenamnet «Professoren». Han er filosofisk og litt av ein skrue. Gjennom grubleria hans kjem livet og miljøet blant gutane på flyktiningmoytaket fram.

Særleg nært kjem me Walid, romkameraten til Anwar. Dei to er temmeleg ulike. Anwar er innadvent og mest oppteken av sine eigne tankar; Walid er utadvendt og omgåast lett med andre folk. Både Anwar og Walid er skildra innmari godt. Det er noko sårt over båe to. Dette er to gutar det er lett å få eit varmt hjarte for.

Framtida til alle dei afghanske gutane er uviss. Kjem dei til å kunna bli i Noreg? Alt kjennest utrygt.

Kreativt språk

For Anwar er norsk eit heilt nytt språk. Og han skjønner at språket er inngangsbilletten inn i samfunnet. Han er svært lærevillig og nyfiken.

Sjølv om ikkje Anwar er stø i norsk, så er forfattaren bak det. Her får kreativiteten fritt spelerom – smak berre på ord som «altforlanghelg»!

Røffare

Samenlikna med Skjetne sin førre roman framstår Eit anna blikk røffare. Kleda er gjennomvåte var liksom eit finjustert maskineri. Eit anna blikk er meir vågal. Tankespranga er store, assosiasjonane mange. Ein blir lett sogen inn i boka sitt univers. Det er spennande og intenst.

Sjølv om årets bok ikkje er like glatt og polert som Kleda er gjennomvåte, så er ho absolutt like interessant. Dette er framifrå lesnad!

Eit anna blikk har dessverre blitt ei altfor aktuell bok. Situasjonen i Afghanistan no er grusom. Me får håpa slike forteljinger som den Skjetne har skrive hjelper oss til å visa nestekjærleik og solidaritet med alle verdas flyktningar.

Erlend Skjetne er fast skribent for Magasinett og Framtida.no. Bokmeldaren har aldri møtt forfattaren.


Poet Erlend Skjetne er nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for «Skare», som kom ut på Flamme Forlag i 2019. Foto: Leikny Havik Skjærseth, bakgrunn Aslak Gurholt. Kollasj: Framtida

Fakta

  • Tittel: Eit anna blikk
  • Forfattar: Erlend Skjetne
  • Forlag: Flamme Forlag
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Roman