Gaute er årets nynorskbrukar: – Jysla stas!
Klimaforkjempar Gaute Eiterjord (26) er kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.
– Dette var jysla stas! Det tok litt tid å innsjå, men no er eg ganske overvelda, skreiv Eiterjord til Nynorsk kultursentrum då han fekk beskjed om at han vann prisen.
Eiterjord får heider for å sette dagsordenen i klimasaka på nynorsk. Han har mellom anna skrive boka Klimaopprøret, og engasjert seg som klimaforkjempar, naturvernar og tidlegare leiar i Natur og Ungdom. Han er ein av hovudpersonane bak dei norske skulestreikane og klimasøksmålet mot staten.
Bidreg i den offentlege debatten
Styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum skriv at Eiterjord bidreg i den offentlege debatten og jobbar for å påverke gjennom ytringar, engasjement og kunnskapsformidling, og viser til at dette er viktige, grunnleggande verdiar i eit velfungerande demokrati.
– Klimasaka er viktig for både oss og resten av verda. Vi treng ein terminologi for å omtale verda rundt oss på vårt eige språk, og dette bidreg Eiterjord til med å skrive om klima på nynorsk, både gjennom bokutgjevinga og i sosiale medium, skriv Sandal.
Prisen vert delt ut under Festspela i Aasentunet 9. juni. Tidlegare har mellom anna Bergen kommune, Kari Traa og Maria Parr vunne prisen.
- Eiterjord vart i fjor peikt ut som eitt av ti unge «Nynorsktalent» i ei kåring der Nynorsk kultursentrum, Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen sat i juryen.