Språkrådet går inn for hen

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom rettskrivingsforslaget vert vedteke, kan det kome inn i ordbøkene allereie til våren eller tidleg haust, ifølgje Daniel Ims, seksjonssjef i Språkrådet.

Definisjonen i ordbøkene vil då bli i dei to tydingane ordet har i dag som kjønnsoverskridande, altså for ikkje-binære – og som kjønnsnøytralt ord, der ein ikkje kjenner til eller vil vise til kjønnsidentitet.

Det var Blikk som først omtalte saka.

Ikkje dei enno

Ims leier avdelinga hos Språkrådet som førebur høyringsforslag før dei blir sendte ut.

Forslaget går ut på at hen får status som personleg pronomen, altså som tredjeperson slik han og ho og det har idag.

Høyringsforslaget kjem til fordi Språkrådet har sett at bruken av ordet har auka og stabilisert seg over tid.

Det same har dei foreløpig ikkje vurdert om søsterordet dei som pronomen, tilsvarande det engelske they.

Høyringssvar

Når forslaget vert sendt på høyring kan kven som helst sende inn høyringssvar med innspel og innvendingar.

– Høyringar generelt kan jo føre til endringar. Det kan kome innspel til skrivemåtar av ord og bøyingar av verb og substantiv eller innspel om at endringa ikkje skal gjerast, men eg ser ikkje heilt for meg at det skjer her, seier Ims til Blikk.no.

Høyringsforslaget er ikkje heilt klart enno, men blir truleg sendt ut tidleg i vår.