FHI-rapport: Unge har ikkje like god livskvalitet som andre i Noreg
Nær éin av fire unge mellom 18 og 24 år seier dei er lite nøgde med livet, og éin av tre oppgir at dei opplever lite meining i det daglege, ifølgje FHI-rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei unge oppgir òg oftare at dei er einsame (25 prosent), at dei opplever lite glede (nær 30 prosent), og fleire unge vaksne enn i andre aldersgrupper oppgir at dei har låg tillit og låg tilhøyrsel i undersøkinga om livskvalitet frå Folkehelseinstituttet (FHI).
Utviklinga ser ut til å ha vorte tydelegare, ifølgje psykolog og seniorforskar Ragnhild Bang Nes ved FHI.
– Det er urovekkjande at denne utviklinga ser ut til å ha vorte forsterka dei seinare åra, seier ho.
- Les også: Auka bekymring for einsemd blant unge
Bør takast på alvor
Undersøkinga viser at det er unge med dårleg økonomi og som ikkje har studieplass eller arbeid, som er spesielt utsette. Ifølgje FHI kan bekymringar for dette spele ei viktig rolle, og dei meiner det er viktig at ein ser på unges livskvalitet som ei folkehelseutfordring som bør takast på alvor.
– Vi trur det vil vere viktig å følgje med på denne utviklinga, og at heilskaplege og regelmessige livskvalitetsmålingar er ein viktig del av beredskapen som vil hjelpe politikarane med å gjere gode vedtak og dermed leggje til rette for at folk får gode liv framover, seier Nes i ei pressemelding.
I rapporten kjem det vidare fram at livskvaliteten jamt over aukar med alderen. Berre 10 prosent av dei over 65 år er lite nøgde med livet.
- Les også meiningsinnlegget: «Å føle seg einsam er kjipt, det å ha det kjipt er kjipt, men du er ikkje åleine»