Prevensjonsmiddel blant unge: Meir p-stav og spiral, mindre p-piller

Det er ein tydeleg auke i bruk av p-stav og hormonspiral blant kvinner i alderen 16–24 år, viser nye tal frå FHI.

NPK-NTB
Publisert

Bruken av hormonelle prevensjonsmiddel er høg i Noreg, særleg blant unge kvinner. Men kva dei vel, er i endring.

Det viser ny statistikk frå Folkehelseinstituttet (FHI) tysdag morgon.

– Bruken av langtidsverkande prevensjonsmiddel som p-stav og hormonspiral har hatt ein tydeleg auke blant kvinner i alderen 16–24 år dei siste 10 åra. Samtidig har bruken av p-piller gått ned i dei same aldersgruppene, skriv instituttet.

Endringa i retning langtidsverkande prevensjonsmiddel er noko FHI støttar.

Langtidsverkande prevensjonsmiddel inneheld berre hormonet gestagen, medan p-piller inneheld både østrogen og gestagen.

– Me ser ei dreiing i bruk mot langtidsverkande prevensjonsmiddel blant unge kvinner, og denne utviklinga blir òg tilrådd av helsestyresmaktene. Hormonspiral og p-stav gir auka tryggleik mot uønskt graviditet og har færre eller ingen brukarfeil samanlikna med p-piller, som må takast dagleg, seier Kari Furu, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

Bruken av hormonell prevensjon er høgast blant kvinner under 30 år, og lågare i dei eldste aldersgruppene.

Det har vore stabil bruk i Noreg dei siste åra, men noko nedgang etter 2020. Nedgangen er størst blant kvinner under 30 år.

– Nedgangen kan komma av påverknad frå ulike sosiale medium der det har vore spreiing av mange mytar og vore hevda at ein bør droppa all bruk av hormonell prevensjon, seier Furu.