Regjeringsplattforma får pris for å drepe ungdomsengasjement
Den første Apatiprisen nokosinne går til Arbeidarpartiet og Senterpartiet si Hurdalsplattform.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag vart Hurdalsplattforma til dei to regjeringspartia kåra til den første mottakaren av Apatiprisen, for å vere best på å drepe engasjementet til unge.
– Det eg håpar dei bit seg merke i er at unge er oppriktig bekymra for klimaet, og at det går utover livskvaliteten deira, fortel Sunniva Roligheten på telefon til Framtida.no. Ho er ein av initativtakarane til den nystifta prisen.
Ho fortel at regjeringsplattforma både hadde flest nominasjonar før dei tre toppkandidatane var avgjorde, og flest stemmer i finalen – med god margin.
- Usikker på kva Apatiprisen er? Les intervjuet: – Vil stille dei vaksne til ansvar
For lite klima- og miljøhandling
Hurdalspattforma vart nominert for å ikkje romme nok klima- og miljøtiltak, ifølgje Roligheten.
– Det er skummelt og gjer at eg vert motlaus når dei leiande partia ikkje tek slike problem på alvor, heitte det i ein av nominasjonane.
Roligheten peikar på at det ikkje held å setje seg fine mål, og at ein lyt ta framtidsbekymringane til unge på alvor.
– Før har ein tenkt på klima som ei valfri greie å gjere noko med, men no har FN varsla kode raud, og Det internasjonale energibyrået (IEA) – som elskar olje og gass – seier vi må slutte å leite etter ny olje om vi skal klare 1,5 graders målet. Dette er ikkje ei valkampsak ein kan velje å ikkje gjere noko med, slår Roligheten fast.
Etter at regjeringsplattforma vart annonsert som ein av kandidatane til Apatiprisen, fortalde statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad til Universitas at det viktigaste klimagrepet kanskje høyrest ut som det kjeldelegaste:
– Nemleg at Noregs gjenverande karbonbudsjett skal vere førande for resten av politikken. Vi skal sørge for at klimagassutslepp vert like viktig som kroner og øre på statsbudsjettet, sa ho til avisa, og presiserte at Noreg skal vere ein sterk pådrivar for ny, grøn teknologi.
Inviterer Støre og Vedum på apatimøte
I førekant av kåringa kom det inn ein stad mellom 20 og 30 nominasjonar, og rundt 140 har gjeve si stemme for å kåre vinnaren.
Roligheten medgjev at dei hadde håpa Apatiprisen skulle nå endå litt lenger ut, men at dei har fått mange positive tilbakemeldingar og håpar på å halde prisutdelinga òg neste år.
No ventar uansett ein liten gipsskulptur på partileiarane, og ein invitasjon til eit møte med nokre av ungdommane som har nominert og stemt dei fram.
Roligheten håpar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) takkar ja til mogelegheita:
– Noko av det som er vanskeleg med politikken er at ting lyt gå gjennom systemet, men samstundes er det 1,1 millionar unge i Noreg som ikkje kan stemme og følgje dei demokratisk sette rutene, så eg håpar dei stiller.
- Ynskjer du deg brukt friluftsutstyr til jul? Dette bør du sjekke!
Har du høyrt om «miljømord»? Les om korleis oljedirektørar og politikarar kan kome til å måtte møte på tiltalebenken, slik som krigsforbrytarar og massemordarar.