Studentar får 40 millionar kroner til lågterskeltilbod

Studentsamskipnadene får 40 millionar kroner til lågterskeltilbod, mellom anna til faddervekene.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er pengar som skal komme studentane til gode. Ein god studiestart er utruleg viktig for å få nye venner og eit sosialt nettverk tidleg. Det å trivast i ein ny by og på ei ny utdanning er òg viktig for å meistre det faglege.

Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding, og held fram:

– Alt tilseier at vi får ein lagt meir normal haust i år. Det er gode nyheiter for studentane.

Felles fadderveke

Gjennom pandemien har studentane vore hardt ramma, særleg dei som starta å studere for første gong i fjor haust. Asheim foreslår derfor at faddervekene i haust òg skal inkludere fjorårets førsteårsstudentar.

– Det er viktig at dei som kanskje ikkje har fått moglegheit til å få seg venner og bli ein del av det sosiale fellesskapet, får ein ny sjanse. Derfor meiner eg det bør leggjast til rette for at også andreårsstudentene blir inkluderte i fadderveka til hausten og kan få ein ny start til hausten. Det kan disse pengane bidra til, seier statsråden.

Pengane som blir løyvde skal brukast i haust, men det er opp til studentsamskipnadene å bestemme kva dei skal brukast til.


Caroline Clausen. Foto: Privat