Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 10.02.2021 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frankrike har stengt universiteta og innført portforbod frå klokka 18. Samstundes har mange studentar mista deltidsjobbane sine, og dei opplever at koronatiltaka råkar dei urettferdig.

Det har ført til studentprotestar over heile Frankrike. Hundrevis av studentar tok onsdag til gatene, mellom anna i byane Paris, Strasbourg, Lille, Toulouse og Rennes, for å sette studentane sin koronakvardag på dagsordenen. 

– Føremålet var å forsvare studentane sine levekår og studium, forklarar president i Frankrike si største studentforeining UNEF Mélanie Luce, ifølge Le Parisien/AFP

Macron lovar støtte til studentane

– Det vil truleg vere naudsynt med restriksjonar heilt fram til sommaren.

Det sa Frankrike sin president Emmanuel Macron då han torsdag møtte studentar på universitetet Paris-Saclay for å snakke om nye støttetiltak. 

– Studentar, eg forsikrar dykk, de er ikkje gløymde, uttalar presidenten på Twitter.

Førre veke annonserte statsminister Jean Castex at førsteårsstudentar frå 25. januar kan ha fysisk undervising i halve grupper.

Macron sa torsdag at han ønsker at alle studentar skal få ha éin dag med fysisk undervising i veka.

– Ein student har rett på 20 prosent av tida ansikt til ansikt, det vil seie éin av fem dagar, lova han, og la til at førelesingssalane ikkje bør vere meir enn 20 prosent fulle, ifølge Le Parisien. 

I tillegg fortalde han at dei vil tilby studentar to måltid om dagen til éin euro i universitetskantinene. Det gjeld også studentar som ikkje er stipendiatar og internasjonale studentar.

– Ein kan ikkje lære på tom mage, skriv presidenten i ei twittermelding.

Vil sponse psykolog

Franske studentar har den siste tida fortalt om einsemd, isolasjon og sjølvmordstankar som følgje av covid-19-situasjonen, mange under emneknaggen #etudiantsfantomes, som kan omsetjast med «spøkelsestudentar».

Macron varslar at regjeringa vi hjelpe dei mest sårbare, og at dei vil gje subsidiar til å betale for rådgjeving og andre psykiske helsetenester.

Presidenten snakkar om ein «psykolog-sjekk» som studentane kan løyse inn for å få dekt kostnadar. 

– Det handlar om å sørge for at alle dei unge som treng det skal få mykje enklare tilgang, med støtte, til ein profesjonell – psykolog, psykiater – når dei treng det, seier han ifølge Le Monde.

Twitter skriv Macron at ordninga vil gjelde fra 1. februar for alle studentar som ønskar det, og at det ikkje er eit tabu å be om hjelp.


Ingebjørg Blindheim under markeringa #ingenflereåmiste utanfor Stortinget, onsdag 8.januar 2020 i Oslo. Foto: @eliseamandaphoto