Cornell-saka: Kjendisar hardt ut mot eliteuniversitetet

Ei kvinne seier ho blei neddopa og valdteken av sju menn i ein såkalla «fraternity». Saka skal no for retten.

Einar Nygaard
Publisert

Kvinna hevdar at ho 19. oktober 2024 blei pressa til å ta det ho fekk høyre var ketamin og valdteken av sju medlemar av studentfellesskapet Chi Phi, skriv CBS. Hendinga skal ha skjedd på eliteuniversitetet Cornell i New York.

Ingen skal ha blitt arresterte

Kvinna, som har fått pseudonymet Jane Doe, har no gått til sak mot universitetet og dei sju mennene. Ho melde saka til politiet den gongen, men meiner universitetet korkje beskytta ho eller tok skuldingane på alvor.

Ifølge advokaten til kvinna, blei ingen av mennene arresterte etter hendinga.

Bilete av gruppesamtala frå 2024 er lagt fram som bevis. Foto: Skjermdump, New York Supreme Court

Berre to av mennene skal ha blitt utvist. Dei andre skal ha fått mindre straffer, som å delta på kurs og skrive essay, ifølge skuldinga. Dette avviser Cornell.

Lagt ut i snapchatgruppe

Kvinna var 20 då hendinga skal ha funnen stad, og blei invitert til ein fest. Etter å ha blitt dopa ned, skal ein mann ha sendt meldingar i ei Snapchat-gruppe, og invitert dei meir enn 50 medlemmane av gruppa til å ha sex med kvinna.

Meldingane i Snapchat-gruppa er no ein del av bevismaterialet i saka. Desse har CBS fått eksklusiv tilgang til.

I samtalen står det ting som «er butikken framleis open?», der ein annan svarar «yea».

Instagram blokkerte innlegget mitt, skriv Florence Pugh i ein post. Foto: Skjermdump, Instagram

Sjokkbølger i sosiale medium

Saka har eksplodert i sosiale medium, og fleire kjendisar går no kraftig ut mot eliteuniversitetet og mennene som har fått namnet «the Cornell 7».

Filmstjerna Florence Pugh var tidleg ute og kritiserte universitetet, men skal ha blitt sensurert av Instagram.

– Arrester dei. Faen ta dei, og faen ta Cornell, skriv Heated Rivalry-stjerna Hudson Williams på Instagram.

Ein tidlegare skribent for satireserien South Park har lansert ei eiga nettside for å «halde mennene ansvarlege».