Avlyser munnleg eksamen i Grenland – Oslo vurderer òg avlysing
Fleire kommunar avlyser munnleg eksamen i vår. No vurderer byrådet i Oslo å følgja etter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Seks kommunar i Grenland blei fredag samde om å avlysa munnleg eksamen i tiande klasse. Kommunane grunngjev dette med ei totalvurdering, som tar vare på smittevern og det pedagogiske.
– Hovudfokuset vårt er det beste for elevane, heiter det i pressemelding frå Skien kommune. Bamble, Drangedal, Kragerø, Porsgrunn og Siljan er òg med på avlysinga.
Ønskjer å avlysa
– Mykje skal til for at munnlege eksamenar i Oslo, både for 10. trinn og vidaregåande skuler, ikkje blir avlyste, seier skulebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV) til Utdanningsnytt.
For nokre veker sidan skreiv ho brev til kunnskapsminister Guri Melby og bad om at munnleg eksamen måtte avlysast. Kunnskapsministeren har stått fast på at lokalgjeven munnleg eksamen skal gjennomførast.
– Slik situasjonen er no må me heller ta skeia i eigne hender, seier no skulebyråden i Oslo til Utdanningsnytt.
Framtida.no fortalde i januar at Utdanningsdirektoratet også tilrådde ei avlysing av munnleg eksamen, i tillegg til skriftleg eksamen. Etter dette har både Barneombodet, Elevorganisasjonen, lærarorganisasjonane og skuleeigarane i KS oppmoda til ei avlysing av munnleg eksamen.
LES OGSÅ: Elevrådsleiar er uroa for at elevar vil føle seg nøydde til å møte sjuke på eksamen
Nøgd elevrådsleiar
Leander Fjeldstad, elevrådsleiar Hersleb videregående skole (H20), har engasjert seg særleg for ei avlysing av munnleg eksamen på grunn av koronasituasjonen i skulen det siste året.
I eit brev 8. mai bad han skulebyråden i Oslo om å gripa inn og avlysa eksamen.
– Eg og elevane eg representerer er svært takksame for at skulebyråd Inga Marte Thorkildsen vel å lytta til oss elevar! I dag bad eg byrådsavdelinga fatta avgjerda sjølv, då eg tviler på at departementet eller statsforvaltaren vil ettergå dei for å fatta ei slik avgjerd, skriv Leander Fjeldstad i ei melding til Framtida.no fredag kveld.
– No er det rett at kommunane bruker handlingsrommet dei har til å avlysa. Det er kritisk at kunnskapsministeren pressar igjennom noko som ingen er samde i. Derfor støttar eg at det kommunane fattar slike avgjerder om å overprøva statsråden. Eg hadde sjølvsagt håpt at det ikkje vart nødvendig.
LES OGSÅ: 3 av 4 sensorar var ueinige om karakteren på norskeksamen