Barneombodet ber om at munnleg eksamen blir avlyst

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv dei i eit brev til Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapsdepartementet kunngjorde 8. april 2021 at munnleg eksamen går som vanleg våren 2021 for elevar på 10. trinn og Vg3.

– Barneombodet er bekymra for konsekvensane av denne avgjerda for elevane og meiner at det i 2021 ikkje vil vere mogleg med ei rettferdig eksamensordning, skriv Barneombodet innleiingsvis i brevet som vart sendt torsdag, skriv VG.

Ber om å avlyse

I brevet ber dei kunnskapsminister Guri Melby (V) om å avlyse munnleg eksamen.

– Vi håpar å få Kunnskapsdepartementet til å gjere ei ny vurdering, og så håpar vi at Stortinget vil engasjere seg. Vi har òg sendt brevet dit, seier fagsjef Camilla Kayed hos Barneombodet til VG.

Den skriftlege eksamenen er allereie avlyst på grunn av koronaviruset. Det same er munnleg eksamen for elevar som ikkje går på avgangstrinna.

Kunnskapsministeren hadde torsdag ikkje høve til å kommentere brevet overfor VG.


Foto: Eirin Larsen, Statsministerens kontor/Flickr/CC BY-NC 2.0 , Privat. Kollasj: Framtida.no